..er verdt å tenkja over at evolusjonslæra vart - og framleis er -
sjølve fundamentet for den politiske filosofien i kommunistlanda.

Makta er retten, og der er ingen Gud.

/

..men det må vera heilt klårt at evolusjonslæra har verka til å
bryta ned trua på ein Gud som krev mennesket til ansvar
og som vil hemna uretten,

og "når Gud er død, er alt tillate",
som Dostojevski uttrykte det.

Og ikkje berre det:
Evolusjonslæra gav vitskapelig sanksjon til utryddinga
av dei veike.

Så langt frå å ottast Guds vreide, kunne ein tyrann no tvert imot
orsaka seg med at han berre sette i verk naturen si eiga lov.

Tyranniet var rettferdiggjort av vitskapen,
slik Sedgwick hadde vore redd for.

/

Nietzsche kritiserte Darwin for at han ikkje var fullt konsekvent
når han kvidde seg for å føra tankane sine over på samfunnslivet.
Er det ikkje i grunnen Spencer og Nietzsche som har forstått
evolusjonen rett?

Dersom mennesket, med kropp og sjel, heile sin kultur og alt sitt
åndsliv, har vorte det det er i dag
gjennom ein lang og nådelaus krig på liv og død, der dei veikaste
alltid måtte bukka under --
kvifor skulle det då vera nokon grunn til å stogga evolusjonen no?

Dersom "den såkalte ondskap" er berre den nedarva dyriske
aggressiviteten som har ført oss dit vi står idag,
kvifor skal vi no med eitt prøva å halda han i sjakk?

Nietzsche forakta kristendomen fordi den - med si lære om
offerviljug nestekjærleik -
er det motsette av utvalsprinsippet.

Det skal vera vanskeleg å finna nokon brest i den logikken.

_

(tekstsider hos nb.no)

(temaet noe videreført)

(vitneutsagn)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

PiippokattaritaolineAvaHarald KLailaRufsetufsaEvaHilde H HelsethConnieKaramasov11Mads Leonard HolvikmgeHanne Kvernmo RyeJarmo LarsenSissel ElisabethIngvild SAnniken LDolly DuckEli HagelundDemeterFride LindsethBjørg L.Egil StangelandBeathe SolbergVannflaskeStig TIngunn STatiana WesserlingJulie StensethKirsten LundSigrid NygaardNina SolåsElisabeth SveeTone Maria JonassenKine Selbekk OttersenKatrinGMonica CarlsenEmil ChristiansenPer LundAud Merete Rambøl