Blei ferdig med Faren ved å være Skrake i går. Utan tvil den beste boka eg har lest hittil i år. Orsak, eg greidde ikkje dy meg, det er også den einaste eg har lest hittil i år.

Men likevel, eg er ganske viss på at når året er over, så vil eg framleis halde på denne som ei av dei beste i 2017. Den gjekk rett heim hjå denne lesaren.

Vidare starta eg på Jomfruen fra Norge i går, har ikkje kome langt nok til å seie noko særleg om kor godt eller dårleg eg liker den.

Ja, og så har vi lesesirklane, då. Det er ganske romsleg leseperiode for Kongens fall, så eg satsar på 10-20 sider pr dag i denne. Dystopilesesirkelen; fristen for å stemme på ny bok gjeng ut i dag, men Veggen av Marlen Haushofer leiar ganske klart, så eg gjeng ut frå at det blir denne.

No er det ganske lenge sidan eg har køyrt noko særleg langt med bil, og derfor er det også lenge sidan eg har høyrt lydbok. Men i morgon ligg det an til å bli eit par-tre nye kapittel i The Phantom of the Opera. Får håpe at ikkje alt for mykje av handlinga har gått i gløymeboka sidan sist eg høyrte på den.

Men no må eg kome meg ut ein tur med hunden medan det enno er dagsljos. God helg, alle saman!

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Vi skal på broadway senere i år, og da skal vi på musikalen til Phantom of the Opera. :)
Jeg gleder meg til det.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Ella_BSol SkipnesGrete AastorpHanneDemetersiljehusmorsomniferumMads Leonard HolvikSigrid NygaardHeidi Nicoline Ertnæsingar hBeate KristinTove Obrestad WøienRufsetufsaHanne Kvernmo RyeIngeborg Kristin LotheCecilieEllen E. MartolMarianne  SkagePi_MesonAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHilde Merete GjessingAud Merete RambølbrekStig TSynnøve H HoelHarald KIreneleserFindusBjørg Marit TinholtgretemorAvaKnut SimonsenPiippokattaIngeborg GKjerstiIngvild SritaolineLailaEva