Scenariet er eit tenkt opprør mot dei styrande kvite i Sør-Afrika i 1980. (Boka kom ut i 1981.) Opprøret får militær støtte frå fleire nabostatar, og det fryktast at alle kvite anten kjem til å bli drepne eller jaga ut av landet.

Hovudpersonane i boka, Bam og Maureen, høyrer til dei liberale kvite om egentlig er imot apartheid, og som egentlig har oppført seg anstengig mot dei svarte tenarane sine, og som no er på flukt med dei tre småbarna sine frå valdshandlingane i Johannesburg. Det er tenaren deira gjennom 15 år, Juli, som har tatt dei med til heimstaden sin ute i bushen, der han meiner det vil vere trygt for dei. Her blir dei installert i ei leirhytte som Juli har fått satt opp til mora si, mora må mellombels flytte ut.

Boka har ingrediensar som burde kunne gi topp-score hjå denne lesaren. Mellom anna det at forteljinga gradvis blir avdekka fragment for fragment er noko som vanlegvis tiltalar meg. Men her blir det for mange halvkveda viser, og Gordimer legg opp til mange assosiasjonar som eg ikkje greier å henge med på. Av hovudpersonane er det i størst grad Maureen sine tankar og kjensler som får plass i boka, og dei framstend som ganske kaotiske. Det er sikkert realistisk, men dei er altså ikkje så lette å forstå for denne lesaren.

Det som kanskje gjorde sterkast inntrykk er korleis dei tre ungane sklir nærmast friksjonsfritt inn i det nye miljøet, medan foreldra blir isolert av mange barrierer som t.d. språk og manglande kunnskap om korleis ein ordnar seg i ei hytte i bushen. Nettop borna sin evne til assimliering er det einaste ljospunktet å sjå i denne boka, som ellers skisserer uoverstigelege skiljer mellom dei svarte og dei kvite innbyggarane i landet. Så får ein vone at framtida til landet ser litt ljosere ut frå eit 2016-perspektiv enn frå eit 1980-perspektiv.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Bjørg RistvedtSolBookiacVibekeSigrid NygaardTone Maria JonassenLailamgeDolly DuckKetilDemeterEvaJulie StensethTove Obrestad WøienedgeofawordKirsten LundAnn ChristinmarithcBerit RHilde H HelsethTone HTor Arne DahlHarald KRune U. FurbergalpakkaHanne Kvernmo RyeTatiana WesserlingTine SundalPer LundTonjeTore HalsaTorill RevheimGunillaLena Risvik PaulsenJan-Olav SelforsTone SundlandEli HagelundGrete AastorpAnniken RøilIreneleser