Karl Oskar og co har kome seg velberga over Atlanteren, i alle fall dei fleste i fylgjet. No gjeld det berre å kome seg innover i landet og finne seg eit jordstykke dei kan gjere krav på. Flokken frå Ljuder bestemmer seg for å oppsøke garden til sonen til ei eldre kone som er med i fylgjet, for så å ta seg land i nærleiken. Men det er langt frå New York, der dei gjeng i land, til Taylor Falls i Minnesota der denne garden ligg.

Ferda til dei 15 personane gjeng med tog, elvebåt, og det siste stykket må forserast til fots. Det er mange prøvelsar undervegs, både språkproblem, ransforsøk og sjukdom. Det er litt av eit eventyr som blir skildra her, ei slik reise kan vere krevjande nok for ein ung og sterk person, men i fylgjet er det både smårollingar og gamlingar.

Moberg er knakande god i mange av skildringane, det er levande og engasjerende fortalt. Innimellom historia om Ljuder-bøndene så er det skote inn eit og anna kapittel med meir generelle opplysningar om innvandringa til Amerika, samt reine stemningsskildringar av korleis det er å vere på veg inn i dette nye landet. På denne måten unngjeng han at foteljinga blir einsformig, samstundes som lesaren får auka historiekunnskapen med eit par hakk. I det heile er dette ein flott bokserie, som eg kosar meg veldig med.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Viser 3 svar.

Å, nå fikk jeg også lyst til å lese Moberg igjen. Jeg har lest Utvandrerne og Innvandrerne1 en gang for mange år siden, men har ikke lest alle bøkene i serien. En gang må jeg lese dem igjen, kjenner jeg, og lese hele serien :-)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Anbefaler å gi seg i kast med heile serien. Eg har dandert dei utover året i år, manglar berre den siste no. Neste år tenker et at eg les om Edvard Hoem si slekt, dei bøkene er vel litt i same gata, eller?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ja, jeg er i gang med Hoem jeg da. Litt i samme gate ja, men hos Hoem er det igjen ei grein av slekta i Norge, som man fortsatt følger. Veldig bra bøker altså, anbefaler virkelig :-)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

somniferumBeathe SolbergritaolineBookiacJakob SæthreSol SkipnesStig TKirsten LundBente NogvaReadninggirl30mgeAstrid Terese Bjorland SkjeggerudLinda NyrudWenche VargasHanne Kvernmo RyeKatrinGVibekeAvaCarine OlsrødReidun Anette AugustinGladleserTove Obrestad WøienHarald KNinaMaikenbandiniJulie StensethPiippokattaLisbeth Marie UvaagGrete AastorpTone HTone SundlandElla_BHanneDemetersiljehusmorMads Leonard HolvikSigrid NygaardHeidi Nicoline Ertnæsingar h