"Du kan være Den Ene" heiter ein kampanje frå Unicef, som handlar om at mange barn og unge slit av ulike årsakar, utan at vaksne verkar som om dei veit eller bryr seg. Éin som bryr seg kan vere nok, og kan gjere den heilt store forskjellen for barnet eller ungdommen, og avgjerande for om det går godt eller dårleg med dei seinare i livet. Dette tenkte eg på då eg las den sterke og rørande brevvekslinga mellom Sara Ljungcrantz, 12 år i første brev, og forfattaren Astrid Lindgren. Lindgren fekk opp gjennom forfattarkarriera si tusenvis av brev frå både barn og vaksne, og fram til på midten av 1980-talet, då mengda brev auka dramatisk og forfattaren fekk nedsett syn, svara ho på alle. Dei fleste som skreiv til henne skreiv eitt eller to brev. Nokre spurde om dei kunne få vere brevvenn med henne, men ho takka alltid høfleg nei til det. Då Sara skreiv sitt første brev, og heldt fram med endå eitt, starta ei heilt unik brevveksling mellom Sara og Astrid, ei brevveksling som strekte seg mellom 1971 og 1992. Dette er sterk, men god lesnad, lettlest, men gripande.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Viser 2 svar.

Tidligere omtaler gjorde såpass inntrykk at jeg besluttet å sette denne boka på ønskelista. Det glapp dessverre, som så mye annet. Takk for påminnelsen; nå er den bestilt. (Denne gangen smir jeg mens jernet er varmt!)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Denne ramla dessverre ut av den menneskelige harddiscen - så kom du og minna meg på`n igjen. Denne skal leses! Har vært innom dette temaet noen ganger; prata med og brevveksla med ungdom som sliter med/lurer på ting relatert til vennskap vs sex, forhold til foreldre mv.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Julie StensethKirsten LundHanne Kvernmo RyeSigrid NygaardHarald KNina SolåsPiippokattaElisabeth SveeTone Maria JonassenKine Selbekk OttersenKatrinGBeathe SolbergMonica CarlsenEmil ChristiansenPer LundAvaAud Merete RambølThomas Heie H.Turid KjendlieStine AskeMads Leonard HolvikIngebjørgGroStig TChristoffer SmedaassiljehusmorCarine OlsrødBrit HonningsvågAlice NordliHanneTine SundalAnne-Stine Ruud HusevågEllen E. MartolStian AxdalBjørg RistvedtHeidiElin FjellheimEirin EftevandChat_noirGodemine