Med denne boka freistar forfattaren Simon Stranger å utfordre romansjangeren. Han gjeng høgt ut i innleiinga av boka, og startar rett og slett med ei bruksrettleiing til lesaren. Fallhøgda i prosjektet er såleis rimeleg stor, men Stranger landar greit på beina, om enn ikkje med telemarknedslag.

Hovudtråden i forteljinga er byen Nem, ein fiktiv by som blei grunnlagd av fire idealistiske studentar på 1950-talet. Peter Ørlinge Oort, ein middelaldrande dansk forfattar, blir spurt om han vil ta på seg å skrive ei bok om Nem i anledning at det er 50 år sidan byen blei grunnlagd. Men når han kjem fram til byen får han eit problem; han klarer ikkje å kome i kontakt med oppdragsgjevaren sin.

Når Oort gjeng rundt for å gjere seg kjend med byen gjev Stranger lesaren små glimt inn i liva til ulike folk som bur der, og enkelte av gateadressene nyttast også som springbrett til å fortelje historier som gjeng ganske vidt i tid og rom. I tillegg kjem det ein del betraktningar angåande likskapane mellom ein by og ein menneskekropp og om korleis ting heng saman i eit kosmisk perspektiv. Der er stendig skifte i perspektiv, og dei spenner frå mikrobiologi til Big Bang. Det heile er famifrå komponert, og er ein fest å lese.

Likevel er der noko uforløyst over historia, som saman med at dei same litterære grepa blir gjentatt litt for ofte, gjer at eg med knapp margin ikkje trillar høgste terningkast på boka. Men eg vil ikkje nøle med å anbefale boka til andre lesarar, den er mellom dei beste eg las i 2015. Eg las den saman med kjell k sin lesesirkel, det var som vanleg gjevande å diskutere boka saman med andre bokelskarar undervegs.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Sist sett

gretemorAnn ChristinVibekeAnneWangKirsten LundHarald KEllen E. MartolPiippokattaReidun VærnesToveHanne Kvernmo RyeMarteBjørg L.Mads Leonard HolvikIngunn SAndreas BokleserEivind  VaksvikMarenTonesen81BenedikteTove Obrestad WøienKristine LouiseAnne Berit GrønbechIngunnJRufsetufsaJarmo LarsenChristofer GabrielsenTrude JensenMonika SvarstadTurid KjendlieBjørg  FrøysaaTonjeJulie StensethOleMorten MüllerTanteMamieLilleviAvaTine SundalHilde Aa