Heit sidan serien "Horngudens tale" og seinare dei tre Anubis-bøkene har eg vore ein svoren fan av B. Andreas Bull-Hansen. Etter mi meining er han absolutt i klasse med internasjonale namn innan genren fantasy og sci-fi. Boka av året, "Isak", skuffar heller ikkje - tvert om. Det skal noko til å skriva bøker på 400-500 sider og få lesaren til å hengja med - og det er noko Bull-Hansen fint klarar. Som i Anubis-serien er handlinga lagt til Oslo-området etter ein nær katastrofe, i dette tilfellet er mesteparten av Noregs befolkning døde av ein pest i løpet av ei natt eller to, og Isak vaknar opp som det siste mennesket på jorda. Men etter 30 års einsemd skal det visa seg at det er han ikkje. Nokre få menneske dukkar opp - og inne i Oslo og andre stader lever det også menneske. Sivilisasjonen har brote saman, det er ein kamp på liv og død for å overleva.

På kontinentet har eit stammesamfunn av muslimar danna seg. På nett dette punktet bryt Bull-Hansen med det politisk korrekte - men kvifor ikkje? Det er slett ikkje utenkjeleg at noko slikt kan skje, og også ein forfattar og hans lesarar må tillata seg den tanken om kva som kan skje i eit nedbrote Europa dersom fundamentalistiske samfunn av typen IS vinn fram.

Hovudpersonen har ikkje fått namnet sitt utan grunn - eg oppfattar det slik at dette er Isak frå Hamsuns univers, mannen som ryddar seg ein gard og eit liv i audemarka. Det er nett det Isak i denne boka gjer. Frå kaos ryddar han og venen John ein gard sør for Oslo og tek opp kampen mot kalifen i Berlin sine utsendingar då dei ein dag dukkar opp for å avkrevja Isak for skatt.

Som sagt, Bull-Hansen kan dette. Fleire burde få med seg denne boka og den øvrige forfattarskapen hans. Dette er genrelitteratur av stort format.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Viser 2 svar.

[ Slettet av bruker ]

Gler meg. Har som deg hatt stor glede av forfattaren. Særleg korleis hovudpersonen kjem under huda di. Der er det ikkje mange som overgår Bull-Hansen når det gjeld å skildre slik at ein ser for seg det som skjer.
Kan jo og vere at Isak visar til løftesonen til Abraham, men kva veit eg.
Vil absolutt anbefale "the name of the wind" som er stor fantasy, men fyrst og fremst ei god historie.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Harald KLailaRufsetufsaEvaHilde H HelsethConnieKaramasov11Mads Leonard HolvikmgeHanne Kvernmo RyeJarmo LarsenSissel ElisabethIngvild SAnniken LDolly DuckEli HagelundDemeterFride LindsethBjørg L.Egil StangelandBeathe SolbergVannflaskeStig TIngunn STatiana WesserlingJulie StensethKirsten LundSigrid NygaardNina SolåsPiippokattaElisabeth SveeTone Maria JonassenKine Selbekk OttersenKatrinGMonica CarlsenEmil ChristiansenPer LundAvaAud Merete RambølThomas Heie H.