Ei magisk lesaroppleving! Her følger me den tyske foreldrelause guten Werner, og den blinde franske jenta Marie-Laure før og under andre verdskrig.

Werner har stor interesse og talent for radioar, og blir difor sendt på ein eliteskule for hitlerjugend. Dette er hans moglegheit til eit anna liv enn kullgruvene. Han er berre eit barn, og tifeldigheitene fører han inn i krigen..

Marie-Laure bur med far sin som jobbar på eit museum. Det er fascinerande å få skildra verda slik Marie-Laure ser den. Ho elskar å vera på museet og kjenna på steinar og skjell og høyra alt det spanande professorane kan fortelja om dei.

Så bryter krigen ut, og Marie-Laure og faren må forlata Paris. Faren får i oppgåve å passa på ein verdifull stein, som tyskarane truleg vil ha tak i. Dei får bu hjå grandonkelen til Marie-Laure som ikkje har vore utfor huset sidan han var med i første verdskrig.

Werner som har blitt ekspert på å spora opp radioar blir sendt ut for å stoppa sabotørar. Han gjer jobben sin, men kjenner ei veksande tvil over propagandaen når han ser krigens konsekvensar.

Eit fantastisk tidsbilete, ei spanande historie, varme skildringar av personar og venskap, og utruleg godt språk. Kan anbefalast på det varmaste!

Godt sagt! (12) Varsle Svar

Sist sett

Synnøve H HoelReidun SvensliJulie StensethBerit REllen E. MartolPiippokattagretemorAnn ChristinVibekeAnneWangKirsten LundHarald KReidun VærnesToveHanne Kvernmo RyeMarteBjørg L.Mads Leonard HolvikIngunn SAndreas BokleserEivind  VaksvikMarenTonesen81BenedikteTove Obrestad WøienKristine LouiseAnne Berit GrønbechIngunnJRufsetufsaJarmo LarsenChristofer GabrielsenTrude JensenMonika SvarstadTurid KjendlieBjørg  FrøysaaTonjeOleMorten MüllerTanteMamieLillevi