Boka fortel historia til 5 personar før og under Biafra-krigen i Nigeria på slutten av 1960-talet. Igbo-folket som i hovudsak har sitt kjerneområde i søraust-luten av landet freista, på bakgrunn av etniske motsetnadar i landet, å opprette ein eigen stat, Biafra, i denne regionen. Dei lukkast ikkje.

Boka er delt i 4 bolkar, der bolk 1 og 3 handlar om hendingar før krigen medan bolk 2 og 4 er frå krigsåra. Olanna og Kainene er tvillingar, døtre av ein velståande igbo-høvding og forretningsmann, og har universitetsutdanning frå England. Snille, pene og idealistiske Olanna blir sambuar med akademikaren og nasjonalisten Odenigbo. Ungguten Ugwu er tenaren til Odenigbo, han kjem frå ei fattig landsbyfamilie og ynskjer seg opp og fram i livet. Den tilsynelatande kyniske Kainene har ambisjonar innanfor faren sitt forretningsimperium, og blir kjærast med den sympatiske engelske skribenten og forfattarspiren Richard.

Adichie let romanfigurane sine bli med i alle fasene av borgarkrigen, frå massakrene på igbo-folk i nord, via proklameringa av rebubliken Biafra og påfølgande kamphandlingar til blokaden som leia til svoltkatastrofe. Ein skal vere varsam med å lese boka dokumetarisk, Adichie forklarer sjølv i eit etterord at ho har nytta seg av fridomen til å dikte omkring historia. Likevel må det så langt eg kan forstå vere ei bok som bidrar til innsikt omkring dei etniske konfliktene i Nigeria, konflikter vi ser den dag i dag ikkje minst ved Boko Haram sine herjingar i den nordlege delen av landet.

Sjølve historiene til dei fem hovudpersonane var engasjerande og grei, både med omsyn til forholda seg imellom, og med omsyn til vanskane og tragediane som ramma dei på grunn av krigen. Men det som gjorde mest inntrykk under lesinga var den ukuelege trua biafranarane hadde, i det minste i boka, på at dei skulle greie å vinne over overmakta. Flott bok om ei vond tid.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Sist sett

Mads Leonard HolvikAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHarald KsiljehusmorLene AndresenIngeborg GAudhildLailaJulie StensethChristofer GabrielsenAnne-Stine Ruud HusevågEgil StangelandAlice NordliTine VictoriaAvaTor-Arne JensenHanne Kvernmo RyeRisRosOgKlagingJarmo LarsenFrode Øglænd  MalminGroSolEli HagelundAud Merete RambølBeate KristinNtotheaalpakkaHilde Merete GjessingConniePilarisKjerstiSynnøve H HoelBjørg RistvedtEllen E. MartolLena Risvik PaulsenFindusChristoffer SmedaasAnn ChristinNina M. Haugan FinnsonBeathe SolbergJan Arne Nygaard