Denne boka er like mektig som skapningen den skildrar. Og ganske ulik det eg hadde venta på førehand. Eg var slett ikkje førebudd på at så store delar av boka ikkje dreide seg om sjølve kvaltoktet, men heller om faktaopplysningar og filosofiske betraktningar omkring alle tenkelege aspekt av kvalar, kvalfangst, kvalskuter og reiskapar. Men du verden så lærerikt.

Sjølve historia kunne sikkert vært komprimert til 100 sider. I korte trekk, ein mann som vil bli kalla Ismael, og som i løpet av den første fjerdedelen av boka gjeng over frå å vere hovudperson til å bli ein usynleg statist i forteljinga, tek hyre på kvalfangsstskuta Pequod. Kapteinen på Pequod, Akab, har nyleg mista eit bein i forsøket på å fange ein spesielt stor og farleg kval, Moby Dick, og er no sjukeleg oppsatt på å ta livet av nettopp denne kvalen. Det heile ender på svært dramatisk vis.

Ein kan sikkert legge mange tolkingar i historia, til dømes om kva kvalen eller dei ulike hendingane kan symbolisere, og det finnest mange utførlege analyser av boka. Sjølv las eg boka utan ambisjonar om å tolke den, og hadde likevel stor glede av den.

Det er uråd å ikkje bli imponert over Melville. Han har sjølv vært med på kvalfangsttokt, og har såleis førstehands kjennskap til temaet. Han må også ha vært ein skarp observatør, for han legg for dagen mange presise opplysningar om kvalen, og særleg om spermasettkvalen, sin anatomi og levesett som virkar å vere ukjende for akademikarar i samtida. I tillegg framstend han som ein svært lærd person (eg har inntrykk av at mange 1800-talsforfattarar la vinn på å vise seg som lærde), og virkar å vere godt orientert om kunst, filosofi og historie så vel som om vitskaplege nyoppdagingar i samtida. Til dømes diskuterer han evolusjonen av kvalen 8 år før Darwin sin «Om artenes opprinnelse» (1859) kom ut.

Får ein servert store nok porsjonar med mat så blir ein mett før tallerkenen er tom, uansett kor god maten måtte vere. Slik vart det med denne boka også, sjølv om den var kjempegod og lærerik og imponerande på alle måtar så var det akkurat litt for mykje av alt til at eg vil trille høgaste terningkast. Men ein sterk 5’er. Og nøgd med meg sjølv for å greie det Akab prøvde på, å gjere ende på Moby Dick.

Godt sagt! (13) Varsle Svar

Sist sett

Reidun Anette AugustinStig TAvaGladleserTove Obrestad WøienHarald KNinaMaikenbandiniJulie StensethPiippokattaLisbeth Marie UvaagGrete AastorpTone HTone SundlandElla_BSol SkipnesHanneDemetersiljehusmorsomniferumMads Leonard HolvikSigrid NygaardHeidi Nicoline Ertnæsingar hBeate KristinRufsetufsaHanne Kvernmo RyeIngeborg Kristin LotheCecilieEllen E. MartolMarianne  SkagePi_MesonAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHilde Merete GjessingAud Merete RambølbrekSynnøve H HoelIreneleserFindus