Gunnar Huttunen er smågal, og han veit det sjølv. Sjølv om han er ein dugande arbeidskar, så blir han sett på med skepsis av dei flesta av innbyggarane i bygda han flyttar til for å overta og setje i stand ei gamal og nedslita vassmylne. Det er hangen hans til å ape etter dyr, og særskilt vanen med å ule som ein ulv, som er det største opphavet til skepsisen. Når bygdefolket bestemer seg for å sende han på galehus startar trøbbelet for alvor.

Handlinga er lagt til det nordlege Finland, i tida rett etter den andre verdskrigen. Det er eit herleg persongalleri Paasilinna diskar opp med, og med mange fornøyelege observasjonar frå livet i ei lita nordfinsk bygd. Der er også ein del flotte skildringar av naturen i området.

Det er uklart for meg om historia er meint som rein underhaldning, eller om der er ein større bodskap. Eg ser sjølvsagt at boka inneheld ein del kritikk av «bygdedyret» og av mentalsjukehus, men utover dette har eg spekulert på om den også skal vere ein satire over eit eller anna. Kan det vere at den også seier noko om finsk politikk i etterkrigsåra?

Angåande problematikken om kor gal nokon må vere før han skal sperrast inne, så måtte eg spørje meg sjølv om eg ville ha kjend meg komfortabel med at nokon i mitt eige nabolag handla som Huttunen gjorde i boka. Svaret er nei (og det handlar ikkje om ulinga). Så kva skal ein gjere? I dag ville det truleg vere ordningar med medisinering og oppfølging slik at galskapen får mildare utslag og ein kan unngå innlegging. Men helsetilbodet for psykisk ustabile var nok ikkje heilt på dette nivået for 60-65 år sidan, korkje i Nord-Finland eller i Norge for den saks skuld. Så dersom eg hadde budd i bygda til Huttunen, er det stor fare for at eg ville ha kome på parti med bygdefolket etter kvart.

Likevel heia eg sjølvsagt på Huttunen i boka, og håpte i det lengste på at det skulle gå bra. Spørsmålet er om det likevel gjekk bra til slutt. Eg er sanneleg ikkje sikker, men slutten var fin likevel.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Og for den som lurer på korleis det gjekk vidare med mylnaren; det ser ut for at han har flytta til Leirvik på Stord

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Berit B LieKirsten LundGunillaRisRosOgKlagingHanne Kvernmo RyemgeIngunn SLilleviTurid KjendliePiippokattaStig TPirelliAnne-Stine Ruud HusevågTine SundalLailaMarteAmanda ATanteMamieElinBeReadninggirl30FarfalleEllen E. MartolJulie StensethBeathe SolbergMonica CarlsenRandiAHege H.siljehusmorTheaflaTore HalsaTone SundlandConnieOda Marie HMarianne  SkageBjørg L.Daffy EnglundalpakkaMads Leonard HolvikAstrid Terese Bjorland Skjeggerud