Kva er det med diskos og Lars Saabye Christensen? Dette er den andre boka av han eg les, den første var Halvbroren, og i begge bøkene så er det nokon som får ein diskos i hovudet på Bislett stadion og døyr. Skal tru om dette er ei hending som er med i alle bøkene hans? Det er best å lese fleire av dei for å finne ut av dette.

Hovudpersonen i boka er ein litt pussig gut på rundt 10 år som er ein outsider i klassen. Når han får ein sjukdom som gjer at han mister håret blir det ikkje akkurat enklare å vere Herman. Handlinga er lagt til Oslo tidleg på 1960-talet, og strekker seg over eit halvt års tid, frå haust til vår. Familien til Herman er ikkje stor, berre mor, far og bestefar, og dei har ein sterk intern-humor. Nettopp evna til å sjå humoristisk på ting virker å vere viktig for å klare seg i ei vanskeleg tid.

Herman gjer mange underfundige og pussige observasjonar og funderingar undervegs, enkelte blir litt for påtatt underfundige, men stort sett var dei bra. Tidskoloritten er strålande, ein får verkeleg kjensla av å reise attende i tid når ein les denne boka. Ein må tru at forfattaren nyttar minne frå sin eigen barndom når han skaper omgjevnadane til Herman. Men det aller beste var den truverdige skildringa av korleis Herman reagerer på å bli sjuk, og på ei anna vond hending i historia. Dette var det høg klasse over.

Det gryande forholdet til klasseveninna Ruby er eit fint innslag i historia, og minst like fint er måten Herman evner å kome i kontakt med andre outsidarar i samfunnet på. Alt i alt, det er ei fin bok, og vel verdt å bruke tid på. Eg høyrde denne som lydbok, der Oddvar Hellan gjorde ein framifrå jobb som opplesar.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Enig, i din anmeldelse og i at lydbok versjonen var strålende! LSC sin Visning og Amatøren har også lydbok med meget høy kvalitet, så anbefaler dem om du ikke allerede har lest /hørt dem :-)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Synnøve H HoelHarald KIreneleserTove Obrestad WøienMads Leonard HolvikFindusHanne Kvernmo RyeBjørg Marit TinholtgretemorAvaStig TKnut SimonsenPiippokattaIngeborg GKjerstiEllen E. MartolIngvild SritaolineLailaRufsetufsaEvaHilde H HelsethConnieKaramasov11mgeJarmo LarsenSissel ElisabethAnniken LDolly DuckEli HagelundDemeterFride LindsethBjørg L.Egil StangelandBeathe SolbergVannflaskeIngunn STatiana WesserlingJulie StensethKirsten Lund