Eg har lest 6 Harry Hole-bøker tidlegare i litt uryddig rekkefølge, men dei siste eg las var nr, 6, 7 og 8. Det var derfor ekstra moro å hoppe tilbake til start og merke seg at Harry, og formodentlig også Nesbø, har gått igjennom ei viss utvikling i bok-serien. Her møter vi ein ikkje fullt så mørk og herja helt, sjølv om han alt i den første boka har ei dyster forhistorie med fatale hendingar i jobben grunna alkoholmisbruk.

Harry blir sendt til Australia for å bistå politiet i Sydney med å etterforske drapet av ei norsk jente. Plottet er berre middels bra, handlinga er ikkje all verdens spanande, og ein del av vala som Harry og Sydney-politiet gjer undervegs virkar svært lite truverdige. Det som bergar boka likevel er gode skildringar av personar og miljø, samt den litt freidige og politisk ukorrekte veremåten til Hole. Dei gode skildringane tek faktisk litt overhand innimellom, det vart ved enkelte høve litt for mykje «turistguide og faktabok» framfor «spanande krimforeljing». Men greit nok.

Antihelt er eit begrep som blir nytta om Harry Hole. Ein kan sikkert legge mykje i dette begrepet, men det er først og fremst helt han framstillast som. «Anti»-prefikset kan vel tilskrivast tvilsame val han gjer, som at han ikkje held seg etter retningslinjene for politiarbeid (innleier seksuelt forhold til eit vitne, nyttar vald mot andre vitne, kjøper sex på tenestereise etc) og til personlege problem som alkoholisme og kjærleiksvanskar. «Einsam ulv»-motivet og opposisjonen til overordna er ikkje tydeleg i denne boka, men det burde ikkje vere overraskande for lesarar anno 1997 at ein vidareutvikling av romanfiguren ville gå i denne retninga.

Fin leseoppleving, litt på grunn av boka i seg sjølv, men mest fordi eg no har fått med meg starten på Hole-serien.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Alltid kjekt å få med starten!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Julie StensethPiippokattaLisbeth Marie UvaagGrete AastorpTone HTone SundlandElla_BSol SkipnesHanneDemetersiljehusmorsomniferumMads Leonard HolvikSigrid NygaardHeidi Nicoline Ertnæsingar hBeate KristinTove Obrestad WøienRufsetufsaHanne Kvernmo RyeIngeborg Kristin LotheCecilieEllen E. MartolMarianne  SkagePi_MesonAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHilde Merete GjessingAud Merete RambølbrekStig TSynnøve H HoelHarald KIreneleserFindusBjørg Marit TinholtgretemorAvaKnut SimonsenIngeborg GKjersti