Femordsomtale: Stillferdig forteljing om brotne band

Treavsnittsomtale:
Boka handlar om barndomsvenane Jim og Tommy, og den vekslar mellom å fortelje om ein dag i 2006 der dei møtest for første gang på 35 år, og å nøste opp i historia om oppveksten deira. Dei vaks opp i ei lita grend på Romerike, Jim aleine med ei superkristen mor frå Sørlandet og Tommy med 3 søsken og ein valdeleg far. Jim og Tommy vekslar på å fortelje historia i første person. Tommy sin søster Siri fortel også litt. Der er også sekvenser der forfattaren fortel om Jim og Tommy i 3. person.

Miljøskildringane i boka er framifrå, spesielt frå bygdenorge anno 1960-1970. Det var lett å leve seg inn i denne delen av handlinga. Petterson har ein eigen estetikk når han skildrar kvardagslege ting. Det er noko ordentleg over alt som blir gjort, anten det er snømåking, fisking, oppvask eller grøftegraving. Ein sit nesten og skjemmest av at ein ikkje har hengt jakka ordentleg på plass i gangen når ein les enkelte av desse sekvensane.

Så kva handlar egentlig boka om? Ganske mykje om einsemd, ein del om sosiale tilhøve, litt om psykisk helse, men mest av alt om banda som knyter menneska saman, og korleis dei brytast. Om at banda som knytest under ein oppvekst er så sterke at dei merkast djupt inn i sjela sjølv etter eit brot for 35 år sidan, og at familiebanda som egentlig burde vere dei sterkaste av alle ikkje alltid er noko å samle på.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Denne teksten røper noe fra handlingen i en bok. Klikk for å vise teksten.
Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

ConnieOda Marie HMarianne  SkageBjørg L.Daffy EnglundalpakkaMads Leonard HolvikAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHarald KsiljehusmorLene AndresenIngeborg GAudhildLailaJulie StensethChristofer GabrielsenAnne-Stine Ruud HusevågEgil StangelandAlice NordliTine VictoriaAvaTor-Arne JensenHanne Kvernmo RyeRisRosOgKlagingJarmo LarsenFrode Øglænd  MalminGroSolEli HagelundAud Merete RambølBeate KristinNtotheaHilde Merete GjessingPilarisKjerstiSynnøve H HoelBjørg RistvedtEllen E. MartolLena Risvik PaulsenFindusChristoffer Smedaas