Femordsomtale: Knalbra krimbok, Kepler kan kunsten!

Fireavsnittsomtale:
Kepler har vært ein krimfavoritt sidan eg ved eit innfall plukka opp Paganinikontrakten i ein bokhandel for litt over to år sidan. Og denne boka er etter min forstand den beste dei har levert så langt.

Joona Linna får nok ein gang ei makaber draps- og forsvinningshistorie å hanskast med. Tilsynelatende umogleg å nøste opp i, men den finske etterforskaren har ei utruleg evne til å setje saman dei minste fragment av informasjon til brukbare spor for etterforskninga. Den umåteleg vakre og veltrente etterforskaren Saga Bauer får like mykje plass som Joona i denne forteljinga. Ho får ei særs utfordrande oppgåve, som blir meir krevjande for henne enn nokon kunne ane. Men ho viser til fulle at ho er rett person for oppgåva.

Forteljinga gjeng føre seg på vinterstid, og det er nærmast slik at ein kan kjenne kulden og uhyggen trenge inn i kroppen medan ein les. Eg har tidlegare kommentert at Kepler nyttar eit særs «visuelt språk», og slik er det også i denne boka. Skildringane er spekka med detaljar som gjer det lett for lesaren å sjå for seg scenene som på eit filmlerret. I det heile er det lett å leve seg inn i historia (og tilsvarande vanskeleg å legge fra seg boka når det er leggetid).

Skal ein pirke på noko, så er det at ikkje alle hendingane i boka har fått ei forklaring når boka er slutt (det er kanskje heller ikkje meininga?) og at det innimellom blei litt i overkant fokus på diverse legemiddel. Men dette hindrar meg på ingen måte å trille høgaste terningkast på denne boka, og samstundes utbryte eit begeistra «Bravo!».

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Nora FjelliBjørg RistvedtSolBookiacVibekeSigrid NygaardTone Maria JonassenLailamgeDolly DuckKetilDemeterEvaJulie StensethTove Obrestad WøienedgeofawordKirsten LundAnn ChristinmarithcBerit RHilde H HelsethTone HTor Arne DahlHarald KRune U. FurbergalpakkaHanne Kvernmo RyeTatiana WesserlingTine SundalPer LundTonjeTore HalsaTorill RevheimGunillaLena Risvik PaulsenJan-Olav SelforsTone SundlandEli HagelundGrete AastorpAnniken Røil