I denne boka får ein take del i eit års tid av historia til Dmitrij Andreitsj Olenin, ein ung og rik adelsmann frå Moskva, som reiser ut for å gjere militærteneste under kaukasuskrigen midt på 1800-talet, der Russland freista å få kontroll over Kaukasus-regionen. Kosakkane er ei russisk/ukrainsk folkegruppe med sterke krigar-tradisjonar, og er ei av folkegruppene som bur i Kaukasus-regionen og er naturleg nok på russisk side i konflikta. Militæreininga han sluttar seg til slår seg til i ein kosakklandsby ved elva Terek. Olenin blir bergtatt av det vakre fjellandskapet, begeistra for det enkle men gode livet kosakkane fører, og forelska i ei kosakkjente.

Geografisk og kulturelt er det ei lang reise for den unge adelsmannen. Men han gjer også ei indre reise; etter som tida gjeng ser han det tidlegare livet sitt som overfladisk og meiningslaust, og han kjenner ei sterk dragning til naturen og til kosakk-livet. Han filosoferer mykje omkring kjærleik, lukke og meininga med livet, og finn etter kvart ut at han ville vært lukkelegast om han fekk vere kosakk.

Det er grunn til å tru at boka er delvis sjølvbiografisk, Tolstoj sjølv var av adeleg ætt, og han gjorde militærteneste under kaukasuskrigen. Konfliktane i Kaukasus er stadig brennaktuelle, og lesarar med litt meir historiekunnskap enn meg vil nok forstå bakteppet for handlinga i boka betre enn det eg gjer, og sjå det i forhold til dagens situasjon. Tolstoj gjer i denne boka i liten, faktisk ingen, grad greie for dei politiske tilhøva som låg bak krigen, men tsjetsjenarane var ein av motpartane då som no.

Eg høyrde denne boka som lydbok i Ordflyt. Opplesaren Sigmund Simonsen gjorde ein framifrå jobb. Dette var også den første Tolstoj-boka eg har lest (høyrt). Det blir nok ikkje den siste, både Anna Karenina og Krig og fred er jo bøker som ofte nemnast som litteratur ein bør få med seg i løpet av livet. Ein får ta tida til hjelp.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

mgeDolly DuckKetilDemeterEvaJulie StensethTove Obrestad WøienedgeofawordKirsten LundAnn ChristinmarithcBerit RHilde H HelsethTone HTor Arne DahlHarald KRune U. FurbergalpakkaHanne Kvernmo RyeTatiana WesserlingTine SundalPer LundTonjeTore HalsaTorill RevheimGunillaLena Risvik PaulsenJan-Olav SelforsTone SundlandEli HagelundGrete AastorpAnniken RøilIreneleserInger-LiseReadninggirl30Monica CarlsenJarmo LarsenStine SevilhaugTor-Arne JensenAnne-Stine Ruud Husevåg