Bergsveinn Birgirsson er skjønlitterær forfattar. Og norrøn filolog.

I Den svarte vikingen har han blanda desse to rollene, og kome ut med ei sakprosabok overstrødd skjønlitterære grep. Han legg fram fakta samstundes som det han ikkje veit eller kan vete, blir dikta vidare på.

Boka fortel om livet til ein av Landnåmsmennene på Island - dvs ein av dei fyrste som slo seg ned. Dei fleste av desse har ein eller fleire sagaer om seg - men ikkje denne. Kvifor er det ingen som riktig veit, og forfattaren prøvar å forklare dette, saman med mykje anna. Geirmund Heljarskinn er ein viking som er nemnd i ei rekkje andre kjelder, men manglar sine eigne. Forfattaren blandar difor inn fiskjon i det puslespelet han har lege for å skape eit heilt bilete.

Dette gir teksten liv og som lesar får ein fleire "knaggar" å henge fakta på. Samstundes er han klar på overgangane mellom fiksjon og fakta, so vi er klar over kva han har belegg for og ikkje.

Bakerst i boka har han ei lang rekke referansar, og i teksten sneiar han innom faglege diskusjonar - men dette skulle eg ynskje han gjekk djupare inn i. Dette ville nok teke litt vekk frå lesarvenlegheita, men give dei ekstra interesserte fleire vinklar å sjå ting frå.

Etter å ha lese boka kjennast de tut som eg berre har fått eit lite innblikk i alt forfattaren veit - eit slags "best of". Og "best of" er absolutt bra, men eg skulle gjerne visst resten.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Ja, blandingen av fakta og fiksjon går helt fint, når man som Birgisson gjør klart rede for hva som er hva - selv om det blir noe pussig når han tar som inntekt for en teori at barnet til et (!) ektepar han kjenner, ser asiatisk ut uten trekk fra den islandske forelderen.

Dette er virkelig en bok som gjør en fjern fortid levende for leseren. Men jeg savnet i stor grad et register for å finne tilbake til opplysninger om den enkelte! De fleste fotnotene synes jeg også hadde fortjent å bli inkorporert i teksten. De hører jo til der, og leseren hadde sluppet å måtte slå frem og tilbake i boken.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Beathe SolbergIngunn SMads Leonard HolvikPiippokattaLene AndresenKirsten LundChristofer GabrielsenTanteMamieAnniken RøilAvaReadninggirl30Ann ChristinHallgrim BarlaupStein KippersundKristine LouisePer LundKaramasov11Synnøve H HoelHarald KAlice NordlikriraNorahHanne Kvernmo RyeMarianne MBerit RHeidimgeKikkan HaugenTrude JensenIngeborg GLisbeth Marie UvaagHarald AndersenDolly DuckMarit MogstadPer Åge SerigstadMarthe LandsemIris ElisaJulie StensethalpakkaGunn Duaas