Om boka skreiv forlaget at den skulle føre lesaren inn i bohemkretsar i London – kunst, livslyst og frigjering skulle vere det store gjennomgangstemaet her. Dette verka ikkje so veldig tiltalande på meg sånn med fyrste augekast. Eg er ikkje overvettes kunstinteresert og eg har lese nok bøker lagt til den engelske overklassa – tusen takk.

Men, eg måtte jo ha med noko på ferie so Dandy hamna i sekken ( saman med litt andre ting).Og det angra eg ikkje på. Den er som den foregåande boka i serien om dei tre brørne spanande og fengande, og igjen er det interessant å få ei vinkling der engelskmennene ikkje er dei store heltane. Heller litt inntørka og gamalmodige.

Men diverre har denne boka og dei «feila» som den førre. Det går litt kjapt i svingane til tider, og ein del tilfeldigheiter er litt for utrulege. Og då refererar eg særleg til ein av dei siste – nemleg kven som skyt kven – som ærleg tala var litt for drøy. Det er faktisk ikkje naudsynt å veve alt saman heller.

Dandy er altso ein god oppfyljar i serien, og den ber preg av at her skal det kome endå fleire. Ikkje meg i mot. Eg kan godt rydde plass i bokhylla til den óg eg

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Denne teksten røper noe fra handlingen i en bok. Klikk for å vise teksten.
Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Anne Berit GrønbechNinaMads Leonard HolvikGjermund HaugeTanteMamieBjørg RistvedtTine SundalgretemorPiippokattaEgil StangelandSraDevoralibrosMorten MüllerTor-Arne Jensenmay britt FagertveitAnne-Stine Ruud HusevågVannflaskeIngunn SKjell F TislevollKaramasov11Tatiana WesserlingTorill RevheimHanne Kvernmo RyeFrisk NordvestmarithcmgesiljehusmorMarianneNIngeborg GGro-Anita RoenElisabeth SveeSynnøve H HoelWenche VargasHarald KElin FjellheimIngvild SalpakkaEli HagelundEllen E. MartolBjørg L.Ava