Å kritisere er kjempe enkelt. Å halde fram ei bok og seie at denne må du lese, er mykje verre.

I Einar O Risa har eg endeleg funne ein norsk forfattar som skriv gode historiske romanar som fengar og er interessant lesing. Ok, det er andre og som er interessante å lese, men få om ingen ville eg seie kan seiast å skrive like bra som Risa.

Greit nok har han ikkje høyrt om verken punktum eller avsnitt (kan han ha forlest seg litt på Poust?). Sidene er fyllte med tekst og gjer det tungt å lese. I om lag fem minutt.

Det er litt som å lese på eit anna språk - det tek fem minutt og so er du inne i det og du tenkjer ikkje meir over det. I staden byrjar du faktisk å nyte denne litt uvante skrivestilen. Det er utruleg kor mykje han får sagt med få ord.

Når heile boka består av lange setnignar som aldri tek slutt (eg sjekka aldri kor lange setninger det kunne ver, men eg fryktar at hadde eg gjort det ville det blitt over ei side), skulle ein tru at det stod mykje som ikkje trengte å ver med. Men slik er det absolutt ikkje. Stilen er rein og skoren til beinet. Det er ikkje meir med enn det som må av beskrivelsar, men det tregns ikkje heller. Vi vert kjend med personane gjennom kva dei gjer og seier, og dette gir eit fargerikt bilete av dei sjølve, miljet og tida dei lev i.

Ting vert nemt, kasnkje berre i ei bisetning, men vi skjønar gjennom alt det andre, det som skjer rundt viktigheita avd et heile. Eg som lesar fekk plutseleg innsikt i korleis det var å vere ung på seksti og syttitalet, sjølv om dette langt i frå er ein esensiell del av romanen

For det er ikkje berre familien Kanne vi vert kjende med, men kva som hende i ein middels norsk småby gjennom historia. Korleis den veks og utviklar seg, og korleis historiske begivenheiter påverkar. Alt sett gjennom eit kamera.

Familien Kanne har sitt utspring i unge M.Kanne som kjem til Stavanger og gjerne vil verte fortograf. Og det vert han. Og vi får fylje med korleis han, familien og fotograferinga utviklar seg tiår for tiår.

Opprinneleg var dette fire bøker som kvar tek for seg ei tidsperiode. Eg las alle på rappen, men ei og ei borsett frå den siste som eg måtte på biblioteket for å finne, og då berre i stort format (dvs alle fire i ei). Men bøkene er absolutt mest sjarmerande i småformata!

Eg vil seie at dette er ein av dei beste historiske romanane som fangar tidsanda frå forrige århundre. Og ein kjapp historieleksjon både i faktiske hendingar, men enda viktigare (og meir interessant) i korleis folk tenkte og oppførte seg.

Denne boka skal definitift inn i mi bokhylle, og gjerne få selskap av fleire av same forfattar

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

CecilieEllen E. MartolMarianne  SkageMads Leonard HolvikPi_MesonAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHilde Merete GjessingAud Merete RambølbrekStig TSynnøve H HoelHarald KIreneleserTove Obrestad WøienFindusHanne Kvernmo RyeBjørg Marit TinholtgretemorAvaKnut SimonsenPiippokattaIngeborg GKjerstiIngvild SritaolineLailaRufsetufsaEvaHilde H HelsethConnieKaramasov11mgeJarmo LarsenSissel ElisabethAnniken LDolly DuckEli HagelundDemeterFride LindsethBjørg L.