Eg burde skjønt det. Eg meinar – omslaget? Og baksideteksten? Sukk, skal eg aldri lære?

I «Hele livet på en dag» møter vi Lenka og Josef som bur i Praha. Dei møtast, og forelskar seg, men so! Krigen. Og dei er sjølvsagt jødar og skjønar for seint at dei må kome seg unna. Dei giftar seg (for at han skal kunne redde ho…) men ho nektar å bli med han til eit trygt liv i det o store amerika, til fordel for å vere igjen med familien sin. Sjølvsagt dør familien hans alikavel, og ho endar sjølvsagt opp i ein konsentrasjonsleir.

Etter krigen startar dei begge sine halv –liv utan den andre, og finn kvarandre igjen i bryllupet til barnebarna. Sjølvsagt. Og her kunne det blitt spanande. Men blir det det? Nei, for no er boka slutt.

Eg fann denne boka utruleg irriterande, og skjønar eigentleg ikkje kvifor eg las boka i det heile. Men for å presisere:

For ho, fyrste kjærleik. Han derimot har sjølvsagt hatt nokon før (men dei tel jo ikkje, for ho er den EINASTE for han)

Dei giftar seg oppatt begge to, men dei kan aldri sleppe tanken på denne fyrste kjærleiken. Det er den verkelege – desse substitutta klarar dei ikkje å elske ordentleg. Neihei, so alle som giftar seg for andre gong, dei er ikkje «ordentleg» glad i partnaren. For ein kan jo aldri gløyme den fyrste store kjærleiken.

Ho offrar seg for familien. Jada, eg er veldig med på at det er vanskeleg å reise frå familien når ein veit at det kjem til å verte vanskeleg. Men at faren (og mannen) ikkje tvang ho til å reise? Høgst usannsynleg med tanke på korleis familiestrukturen var på den tida.

Dei er sjølvsagt godt bemiddla begge to. Fattige menneske (eller heilt normalinntektsfamiliar) er jo ikkje noko morosame å skrive om. Dei har jo ikkje juvelar dei må selje til altfor lav pris eller overdådige fine kle som må beskrivast.

Namedropping på kjente kunstnarar. Namedropping er berre teit. Kva er poenget med å dra fram ein person som ikkje er relevant. Skal du snakke om kjende kunstnarar so må dei ha ei eller anna form for innverknad på ein av personane. Då er det kanskje greitt.

Tittelen har ikkje noko med innhaldet å gjere. Dei har jo langt meir enn ein dag på seg!

Dei er sjølvsagt so gode alle saman – sjølv den strenge-lege-far er eigentleg berre slik fordi han vil det beste og er blitt slik gjennom ei lang karriere med å vere god. Blæ….

Framstillinga av Praha – so romantisk, fin, gammal, verdig – realistisk? Nei, ikkje i det heile(og eg har ikkje vore der eingong).

Alle er pene og vakre – sjølv med «usymetriske trekk» er alle vakre. Og dei går heile tida i vakre kle (og om dei ikkje har råd til vakre kle so har dei ein snill velgjerar som gir dei det)

Alle som Lenka blir kjende med i konsentrasjonsleiren er snille – alle dei «slemme» (dvs dei som stel for å overleve, noko som hovudpersonen sjølvsagt aldri gjer, gud forby!) vil ho ikkje bli venar med.

Systra kan jo ikkje overleve – so då drep vi ho sånn heilt til slutt. Jada.

Språket kan beskrivast slik : Klisje + klisje = stor klisje. Minus og minus blir ikkje alltid pluss

Slutten (som og er begynnelsen): Ka faen? Det er jo no det interessante begynner – at dei møtast etter å ha trudd at den andre var død i femti år. Korleis skal ein kome seg ut av den? Eg må innrømme eg trudde heile vegen at alt det andre skulle vere kort fortalt og so skulle vi ta fatt på det verkeleg interessante: Kva som skjer etter at dei to møtast igjen. Men med nærare ettertanke veit eg ikkje heilt om eg vil vete det….

Konklusjonen er at eg var dum som eit brød i gjerningsaugneblikket og burde lobotomerast for i det heile ha plukka opp boka. Alle teikna var der. Verkeleg. Forfattaren var til og med amerikansk og hadde skrive om austeuropa under krigen. Gjenge det ann….

Treng vel ikkje seie at denne ikkje kjem i bokhylla?

(Jada, veldig utruleg at eg faktisk las ut boka. Men so las eg vel annankvar setning(trudde som sagt eg kom til å kome til det interessante FØR boka var slutt) og lettlest kan eg vel det mest positive eg kan sei eom boka. Har ikkje lese ut ei bok på under fire timar sidan eg las husmorsporno på seint nittital…..)

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Jeg vil bare si ifra om noe ganske sentralt, ytterst viktig.
Selv om dette innlegget ble skrevet 4 år siden, kjenner jeg jeg blir irritert når folk langer ut ukorrekt fakta. Denne fortellingen er en sann historie, og derfor ingen klisje. Gjør reshearch før du kommer med slike påstander.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

FindusHanne Kvernmo RyeBjørg Marit TinholtgretemorAvaStig TKnut SimonsenPiippokattaTove Obrestad WøienIngeborg GKjerstiEllen E. MartolIngvild SritaolineHarald KLailaRufsetufsaEvaHilde H HelsethConnieKaramasov11Mads Leonard HolvikmgeJarmo LarsenSissel ElisabethAnniken LDolly DuckEli HagelundDemeterFride LindsethBjørg L.Egil StangelandBeathe SolbergVannflaskeIngunn STatiana WesserlingJulie StensethKirsten LundSigrid NygaardNina Solås