«Psykologisk thriller» er ein merkelapp som har blitt satt på denne boka. Det tok ei stund før eg forstod kvifor, for mesteparten av boka har karakter av ei alminnelig krim-historie, om enn med noko mørkare undertonar og meir bisarre detaljar enn vanleg. Men med drygt 100 sider att av boka blei det etter kvart klart at «psykologisk» er ein grei merkelapp.

Boka handlar om politietterforskaren Jeanette Kihlberg, som på det private planet ser at ekteskapet er i ferd med å gå dukken og på jobb leiar etterforskinga av ein serie bisarre drap på barn, og om psykologen Sofia Zetterlund som slitest mellom meiningslause men lukurative oppdrag for velståande klientar og mindre lukurative men desto meir meiningsfylte oppdrag for det offentlege der ho utgreier eller behandler traumatiserte menneske. Dei to hovudpersonane kjem i kontakt på grunn av drapssaka Jeanette etterforsker.

Forteljinga er godt oppbygd, perspektivet skifter frå kapittel til kapittel, og der er også ein del sprang i tid. Men det er aldri vanskeleg å henge med på handlinga, sjølv om det også er slik at ein får servert enkelte detaljar undervegs som først gjev meining lenger ute i boka.

Ein del av handlinga i boka dreier seg om incest og om ekstrem vald mot barn, og av barn. Dette er sjølvsagt sterk kost, og ulike lesarar vil nok reagere ulikt på dette. Men eg meiner at forfattarane trass alt har beholdt ein viss distanse i dei mest kvalmande skildringane, dersom forfattarane utelukkende var ute etter å sjokkere kunne dei fort funne på å male ut groteske detaljar på ein mykje meir påtrengende måte.

Dette er den første boka i ein trilogi. Eg kjem nok til å lese dei to andre bøkene også, men sjølv om eg likte Kråkejenta så var den ikkje så bra at eg straks spring for å handle dei to neste. Det blir nok å plukke dei opp på salg eller eit kvart dersom eg finn dei til ein rimeleg nok pris.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Harald KsomniferumChristofer GabrielsenTheaJan Arne NygaardIngunn STor-Arne JensenTine VictoriaMarianne_Hanne Kvernmo RyeKirsten LundVannflaskeGodemineSigrid Blytt TøsdalAnita NessIngvild SBeathe SolbergritaolineBookiacJakob SæthreSol SkipnesStig TBente NogvaReadninggirl30mgeAstrid Terese Bjorland SkjeggerudLinda NyrudWenche VargasKatrinGVibekeAvaCarine OlsrødReidun Anette AugustinGladleserTove Obrestad WøienNinaMaikenbandiniJulie StensethPiippokatta