Kaptein Laurence har sitt eige skip, sitt eige mannskap og patruljerer Atlanteren for å halda franskmennene frå livet. Når skipet hans tek eit fransk skip er det nett som einkvar anna (god) dag, heilt til dei ser kva det franske skipet er lasta med: eit drageegg - eit drageegg som skal til å klekka. Når dragen kjem ut og skal kledast i seletøy, er det Laurence han vel - og kaptein Laurence går frå å vera kaptein i den britiske marine til å vera flygar i det britiske luftforsvaret, ombord på dragen Temeraire.

Bøkene om Temeraire, som His Majesty's Dragon er fyrste del av, er både fantasy og alternativ historie. Det er historien om kva som kunne ha skjedd med ein drage og kapteinen hans dersom ein brukte dragar under Napoleonskrigane. Korleis flyvåpenet var bygd opp, korleis treninga gjekk føre seg, kva dragane og kapteinane deira snakka om under måltida (vel, akkurat under måltida var vel dragane opptekne med å ta livet av feet dei fekk servert, men etterpå konverserte dei gjerne) og korleis kampane kunne sjå ut. Ideen er både absurd og svært god, og karakterane, både folk og fantasifigurar, sympatiske bekjentskapar. Kanskje for sympatiske, det vert nesten uinteressant når Laurence so klart føl plikta si, og når Temeraire er so overlegen dei fleste motstandarar. Men konseptet er godt nok til at eg kjem til å fylgja dragen og kapteinen vidare.

Fyrst publisert her

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

BookiacVibekeSigrid NygaardTone Maria JonassenLailamgeDolly DuckKetilDemeterEvaJulie StensethTove Obrestad WøienedgeofawordKirsten LundAnn ChristinmarithcBerit RHilde H HelsethTone HTor Arne DahlHarald KRune U. FurbergalpakkaHanne Kvernmo RyeTatiana WesserlingTine SundalPer LundTonjeTore HalsaTorill RevheimGunillaLena Risvik PaulsenJan-Olav SelforsTone SundlandEli HagelundGrete AastorpAnniken RøilIreneleserInger-LiseReadninggirl30