Dette er ei forteljing om korleis familien Joad, ei jordbrukarfamilie frå Oklahoma, mister jorda si under depresjonen på 1930-talet og let seg lokke til å dra til California for å ta seg arbeid der. I California viser det seg likevel å vere nærmast umogleg å få arbeid, og familien drivast ut i desperat fattigdom tilliks med hundretusenvis av andre som er i den same situasjonen.

Miljøskildringane i boka er fantastiske. Alt frå naturskildringar, skildringar av hus, bilar og andre gjenstandar, opplevingane på landevegen (Route 66) på veg til California, buforholda og stemninga i teltleirane til dei arbeidssøkande, alt er så levande framstilt at ein nesten har kjensla av å ha vært der etter at boka er ferdig. Eg likte også godt skildringane av lokal skikk og bruk, til dømes slik som at mannfolka satte seg på huk medan dei diskuterte, eller slik som overtrua om å legge ein kvass gjenstand under madrassa til ei fødande kvinne.

Steinbeck viser også eit tydeleg sosialt og politisk engasjement gjennom boka. Sympatien for kampen til dei arbeidssøkande er tydeleg, og den nådelause handsaminga av arbeidarklassa malast ut med brei pensel; mekaniseringa av landbruket fortrenger småbøndene, handelsstanden skor seg på desperate økonomiske flyktningar, dei store fruktdyrkarane tek kontroll over heile verdikjeda og skvisar landarbeidarane på timeprisen, og forsøk på å organisere arbeidarane blir slått knallhardt ned på. Ein skal vere kanske kald for å unngå å kjenne på ein rettvis harme over Joad-familien og dei andre sine levekår.

Framstillinga av gode arbeidarar og onde marknadskrefter er likevel veldig polarisert. Det hadde vært lettare å vurdere dette aspektet av boka dersom ein hadde lest seg opp litt på samfunnstilhøva på 1930-talet frå andre kjelder, noko eg ikkje har gjort, men eg har ei kjensle av, eller kanskje heller eit håp om, at biletet var litt meir nyansert enn det som gjeng fram av denne boka. Nei, eg tviler på ingen måte på at det var djupt urettvise forhold, men det er årsakene eg tenker på.

Eg las denne boka under Lillevi sin felleslesing av Steinbeck haust/vinter 2013/2014, det har vært veldig inspirerende å følge med på diskusjonane om boka undervegs.

Godt sagt! (11) Varsle Svar

Sist sett

Christofer GabrielsenTheaJan Arne NygaardIngunn STor-Arne JensenTine VictoriaMarianne_Hanne Kvernmo RyeKirsten LundHarald KVannflaskeGodemineSigrid Blytt TøsdalAnita NessIngvild SsomniferumBeathe SolbergritaolineBookiacJakob SæthreSol SkipnesStig TBente NogvaReadninggirl30mgeAstrid Terese Bjorland SkjeggerudLinda NyrudWenche VargasKatrinGVibekeAvaCarine OlsrødReidun Anette AugustinGladleserTove Obrestad WøienNinaMaikenbandiniJulie StensethPiippokatta