Eg las Lavendelhagen rett etter parfymehagen, og bøkene er såpass like i oppbygginga at eg allereie er i ferd med å blanda dei! Begge bøkene har nemleg ein hovudperson i notid, og ein parallell historie i krigstider. Lavendelhagen var betre enn parfymehagen.

Parfymehagen hadde noko voldsom dramatikk på slutten som heilt øydela for resten av boka. Men historien frå krigen i Lavendelhagen var ganske god. (Fotografar som var med i kampane under den spanske borgarkrigen.) Og fortid og notid var sjølvsagt bunde saman på ein underfundig "aha"-måte. Slik det ofte er i desse bøkene.

Lavendelhagen var jamt over betre. Mange "aha"-opplevingar, spanande spion-verksemd under krigen, og mystisk kjærleiksdrama i notid.

Begge bøkene hamnar i kategorien dameromanar i mitt hyllesystem. Ganske underhaldane og svært lettleste.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Dolly DuckHarald KMarit MogstadPer Åge SerigstadIngunn SKirsten LundMads Leonard HolvikMarthe LandsemIris ElisaReadninggirl30Julie StensethalpakkaGunn DuaasEllen E. MartolPiippokattaAud- HelenNinaAlice NordliCarine OlsrødTove Obrestad WøienHanne Kvernmo RyeMarianne  SkageEli HagelundHeidi BHeidiVannflaskeElisabeth SveeKjersti SGrete AastorpAmanda AChristoffer SmedaasKatrinGSvein Erik Francke-EnersenEmil ChristiansenGro-Anita RoenOdd HebækMarianne MSynnøve H HoelReidun SvensliBerit R