Dei tre unge mennene Tarjei, Trygve og Kristian kjem frå den same bygda og vervar seg samstundes til teneste i Afghanistan. Ingen av dei kjem tilbake i live.

Boka fortel historia til dei tre som vert rivne vekk, om familiane deira og om heimbygda deira. Om oppvekst og kvardagsliv. Om samkjensle, venskap og kjærleik. Om håp og forventningar. Om sorg, tap og frustrasjonar. Alt vert fortalt gjennom fire ulike forteljarstemmer; Tarjei, Jon Olav (nabo), Karin (mor til Tarjei) og Trygve. Vekslinga mellom personane er fin, og forfattaren brukar både bokmål og nynorsk for å streka under dei ulike synsvinklane.

Eg likte veldig godt lydbokversjonen. Det fungerer supert med fire ulike opplesarar for dei forskjellige forteljar-stemmene.

Bli hvis du kan. Reis hvis du må er ei lita perle av ei bok og anbefalast på det varmaste. Dette er terningkast fem pluss!

Heile omtalen kan lesast på bloggen min.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Annonsér hos bokelskere.no


Sist sett

Øystein LSteinar JøsokKjell MagneElisabeth SødalErikQi AiSilje HvalstadTorill Elisabeth RevheimGroSimen "Boktimmy" IngemundsenMaikenKrishBertyErika NHarald KritaolineAkima MontgomeryTone SundlandfornixJorund KorbiLilleviMarit HåverstadDaffy EnglundElin FjellheimSigrid Blytt TøsdalNils PharoMarianneHildaIngeborg GElin SkjerengLinnIdaIngrid Urdal StøleMarianne KesselJan Erik  OlsenEirin EftevandellinoronilleMartinenTine SundaliJosefine