Eg vingla fælt om kva eg skulle synest om denne boka medan eg las den. Tidvis nærmast genial, andre gangar nesten platt, ganske ofte vittig men av og til også litt for barnslig.

Fvonk er ein middelaldrande deprimert enkemann som tyngest av å ha vært innblanda i medlemsjuks for nokre år sidan, og får uventa beskjed om at ein person som viser seg å vere statsministeren Jens, og som også er utbrent og deprimert, skal flytte inn på hybel hjå han. Ikkje permanent, men som avlastning når han treng å kome seg unna tjas og mas.

Fvonk og Jens utviklar eit nært venskap over ei periode på nokre månadar. Ikkje eit A4 venskap (i den grad det finnest slike), men ein kombinasjon av felles glede over trivielle aktivitetar som kan virke barnslege og av ein nærleik og omtanke for einannan som ein kanskje oftast assosierer med ektefeller.

Fvonk er tydeleg i mental ubalanse og har mellom anna ein paranoid redsel for gravide damer. Eg greidde ikkje å slutte å lure på om leigeforholdet til statsministeren eigentleg var reelt, eller om det heile berre skjedde i hovudet til hovudpersonen. Ein annan ting eg funderte over var om Loe har hatt Elling-bøkene av Ingvar Ambjørnsen, der Elling er veldig fiksert på Gro Harlem Bruntland, i tankane. Gjeng Erlend Loe eller romanfiguren hans Fvonk litt i same sporet her?

Det referererast hyppig til reelle hendingar i norsk politikk og til reelle forhold i Jens Stoltenberg sitt liv. (Artig detalj at referansen til ein figur i Stoltenberg sin hovudoppgåve i økonomi, som i boka blir nytta som mal for skiturar i Nordmarka, er reell.) Det er fort gjort å trakke feil når ein trekker terrorangrepet 22. juli 2011, om enn indirekte og innpakka i eufemismer, inn i ei bok av såpass lettbeint karakter, men eg tykkjer Loe handterer dette greit når han først skulle la dette vere ein del av bakteppet for forteljinga.

Eg trur kanskje at den beste måten å oppsummere inntrykket mitt av boka på, er å sitere eit av Piet Hein sine mest kjende gruk:

Den som kun tar spøk for spøk
og alvor kun alvorlig
Han og hun har faktisk fattet
begge deler dårlig

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Beathe SolbergVannflaskeStig TIngunn STatiana WesserlingJulie StensethKirsten LundHanne Kvernmo RyeSigrid NygaardHarald KNina SolåsPiippokattaElisabeth SveeTone Maria JonassenKine Selbekk OttersenKatrinGMonica CarlsenEmil ChristiansenPer LundAvaAud Merete RambølThomas Heie H.Turid KjendlieStine AskeMads Leonard HolvikIngebjørgGroChristoffer SmedaassiljehusmorCarine OlsrødBrit HonningsvågAlice NordliHanneTine SundalAnne-Stine Ruud HusevågEllen E. MartolStian AxdalBjørg RistvedtHeidiElin Fjellheim