Eg studerar til å bli norsklærar, og då eg var i praksis i haust var eg så heldig å få oppleve eit forfattarbesøk frå Tor Arve Røssland. Han var ufatteleg flink, og femteklassingane eg var med prata stort sett ikkje om noko anna enn Svarte-Mathilda i fleire dagar etterpå. Sjølv om dei visste at eg hadde vore med dei og høyrd på måtte dei fortelje meg om Svarte-Mathilda. "Veit du kva som skjer om du går inn på badet, skrur av ljoset og seier Svarte-Mathilda 7 gonger?" spurde dei. Og før eg rakk å svare sto fire til ungar rundt og ropte i kor kva som ville skje. Dei tøffeste gutane sneik seg inn på do i friminutta for å prøve, og då det ikkje gjekk bestemte dei seg for å prøve heime i staden.

To veker seinere skulle femte trinn på biblioteksbesøk og låne bøker. Alle vart like skuffaa då dei oppdaga at Svarte-Mathilda (og alle dei andre bøkene til Røssland) vart lånt ut og hadde lange ventelistar. Røssland hadde nemleg vore på turné på nesten alle barneskulene i Rogaland.

I ettertid har eg fått høyre at den boka har gått som ei pest på det skuletrinnet. Når eg no sjølv har lese boka kan eg godt forstå kvifor. For det er ei svært god bok, velskreven og spanande. Ho er overtydande i persongalleriet, og Røssland har sjekka faktaene godt før han har satt seg ned for å skrive. Boka er akkurat skummel nok til at den fangar interessen til den unge lesaren, men ikkje så skummel at han helst vil legge ho frå seg.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

mgeDolly DuckKetilDemeterEvaJulie StensethTove Obrestad WøienedgeofawordKirsten LundAnn ChristinmarithcBerit RHilde H HelsethTone HTor Arne DahlHarald KRune U. FurbergalpakkaHanne Kvernmo RyeTatiana WesserlingTine SundalPer LundTonjeTore HalsaTorill RevheimGunillaLena Risvik PaulsenJan-Olav SelforsTone SundlandEli HagelundGrete AastorpAnniken RøilIreneleserInger-LiseReadninggirl30Monica CarlsenJarmo LarsenStine SevilhaugTor-Arne JensenAnne-Stine Ruud Husevåg