Sjølv om omslaget på boka virka interessant nok, må eg innrømme at eg var forutinntatt om at dette var ein type historie eg hadde lest før, og at det som likevel trigga meg til å lese denne boka er at forfattaren er oppvaksen i kommuna eg bur i (nei, eg kjenner henne ikkje).

Historia hadde som venta mange fellestrekk med tidlegare bøker om vanskelege familie- og/eller kjærleikforhold på tvers av kulturar, men den er godt fortalt. Live, den norske jenta som forelskar seg i egyptiske Kareem, er forteljarstemma i første person i det meste av boka, men innimellom slepp andre stemmer til i tredje person. For ein som aldri har vært i Egypt er skildringane av landet, motsetnadane mellom turistindustri og tradisjonell levemåte samt detaljar omkring familielivet der både levande og overtydande. Konfliktene som etterkvart bygger seg opp er såpass nyansert framstilt at lesaren til ein viss grad får kjensla av å forstå det egyptiske, tradisjonelle tenkesettet og kan sjå konfliktene også frå denne sida.

Det kan vere verdt å hugse på at hovudtemaet i boka, kjærleik som ikkje strekk til og ein draumeprins som blir til ein frosk, er eit universelt tema som ikkje berre finnest i brytninga mellom ulike kulturar og tenkesett. Men det er tydelig at konsekvensane av eit havarerende ekteskap kan bli vanskelegare for ein som er aleine i eit framandt land. Det er ikkje til å unngå at ein innimellom medkjensla for Live sin vanskelege situasjon i Egypt også kjem i tankar om i kor stor grad tematikken også er aktuell for utlendingar som finn kjærleiken i Norge.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Viser 2 svar.

Har sett denne boka....men den hørtes veldig ut som åttitallshiten "Ikke uten min datter". Er det en sann historie, eller en roman?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Har ikkje lest "Ikke uten min datter" sjølv, berre lest om den. Etter det eg forstår er denne boka veldig einsidig negativ mot iransk levesett og kultur, og har fått kritikk for å overdrive dei negative sidene. "Naken i hijab" opplevde eg som forholdsvis balansert, det var mange fine skildringar frå både egyptisk kultur og familieliv som må kallast positive, men sjølvsagt også skildring av kulturelle barrierer som etter kvart vart umoglege å vinne over. På eit punkt er nok bøkene veldig like; det blir avgjerande for hovudpersonen i begge bøkene å kome seg ut av eit framandt land saman med dattera som etter lokal lov høyrer til mannen.

"Naken i hijab" er ikkje ei sann historie, men forfattaren har bodd i Egypt sjølv og har hatt egyptisk kjæreste, så ein sit heile tida og lurer på kor mykje som er oppdikta og kor mykje som er sjølvopplevd. Forfattaren forklarer meir om bakgrunnen i sin eigen blogg:
http://thebrainmine.blogspot.no/2010/10/hvorfor-egypt.html

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Per Åge SerigstadIngunn SKirsten LundMads Leonard HolvikMarthe LandsemIris ElisaReadninggirl30Julie StensethalpakkaGunn DuaasEllen E. MartolPiippokattaAud- HelenNinaAlice NordliCarine OlsrødTove Obrestad WøienHanne Kvernmo RyeMarianne  SkageEli HagelundHeidi BHeidiVannflaskeElisabeth SveeHarald KKjersti SGrete AastorpAmanda AChristoffer SmedaasKatrinGSvein Erik Francke-EnersenEmil ChristiansenGro-Anita RoenOdd HebækMarianne MSynnøve H HoelReidun SvensliBerit RgretemorAnn Christin