Diana Bishop er amerikansk historikar med alkymi som spesialfelt. Når ho får hendene i eit gamalt manuskript ved Bodleian i Oxford er det starten på ei rekke mystiske hendingar, der møtet med den 1500 år gamle vampyren Matthew Clairmont er av det mest normale. Det viser seg nemleg at Diana er heks, og sjølv om ho har undertrykt magien i seg i alle år, er det på tide å omfamna det overnaturlege i verdi.

A Discovery of Witches og oppfylgjaren Shadow of Night er dei to fyrste installasjonane i trilogien All Souls Trilogy, som går føre seg i vår eigi verd, men der hekser, vampyrar og demonar går fritt mellom oss. Dei er dei mest geniale, og ustabile, mellom oss, og driv sine eigne maktkampar parallelt – og til tider blanda – med menneska sine.

Det mest sympatiske med serien må vera opninga, som plasserer figurane (tilsynelatande) trygt i det akademiske miljøet ved Oxford. Hurra, vampyrar ved Oxford universitet, tenkte eg, og tok fatt. Men problemet med heksebøker, i høve vampyrbøker, er at hekser ikkje føl klåre reglar. Der ein forfattar kan dikta opp reglar hennar vampyrrase må fylgja, er heksene vanskelegare å få tak på – og logikk må gong på gong vika for magi. Det kan nok i ein heil del situasjonar gjera lesingi meir spanande, men når det ikkje finst grenser i det heile for heksi, tek det overhand. Og det gjer det her – Harkness let hovudpersonane forflytta seg i tid og rom, møta ei mengd historiske personar, og det dukkar stadig opp tilsynelatande umotiverte og uvarsla snuar i plotet. Eg som lesar får heller aldri heilt tak i kva det store oppdraget i trilogien er, anna enn å få tak i det omtalte manuskriptet ein gong for alle, og dermed redda framtidi for dei overnaturlege kreftene i verdi. Kjærleikshistoria er grei nok, men står seg ikkje åleine som motiv for ein so stor trilogi.

Deborah Harkness er amerikansk historikar. Ho debuterte som skjønnlitterær forfattar i 2011 med A Discovery of Witches, og Shadow of Night kom i 2012. Når siste bok i trilogien kjem er usikkert.

(opprinneleg publisert her)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Jeg likte veldig godt din bokomtale! Velskrevet og uten klisjeer, og du forklarer både litt om handlingen og hvorfor du vurderer den slik du gjør :) Ikke lest boka, og gjør det kanskje ikke heller, men flott omtale!!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Fride LindsethBjørg L.Egil StangelandBeathe SolbergVannflaskeStig TIngunn STatiana WesserlingJulie StensethKirsten LundHanne Kvernmo RyeSigrid NygaardHarald KNina SolåsPiippokattaElisabeth SveeTone Maria JonassenKine Selbekk OttersenKatrinGMonica CarlsenEmil ChristiansenPer LundAvaAud Merete RambølThomas Heie H.Turid KjendlieStine AskeMads Leonard HolvikIngebjørgGroChristoffer SmedaassiljehusmorCarine OlsrødBrit HonningsvågAlice NordliHanneTine SundalAnne-Stine Ruud HusevågEllen E. MartolStian Axdal