Eit lite stykke ute i denne boka gjekk det opp for meg kvifor Hornby har hatt slik suksess med den. Hovudpersonen og forteljarstemma i boka, musikkentusiasten og platebutikkeigaren Rob Fleming, er forholdsvis egosentrert og eit snev mannsjåvinistisk og leverer utsegner og tankerekker som mange menn sikkert ville drøyme om å gjere til sine eigne, men som dei likevel ikkje nokongong vil gjere fordi det ikkje passar seg. Dermed blir Rob ein slags helt for den mannlege lesaren, ein som kan stå opp for menn sine egoistiske sider. Samstundes handlar forholdsvis mykje av teksta i boka om kjenslelivet til Rob. Dette er jo ei dame-greie, damer liker, i alle fall i følge min stereotype oppfatning, menn som kan setje ord på kjenslene sine. Dermed har forfattaren på ein finurlig måte skapt ein hovudperson som appellerer både til kvinnelige og mannlege lesarar.

Forteljarstilen er forøvrig forholdsvis vittig, med ein lett ironisk distanse som var veldig i tidsånda til 90-talet. Dette er kanskje ein vel så viktig grunn til suksessen som poenget eg trekte fram i avsnittet over. Alt i alt burde eg gitt denne boka eit terningkast 5.

Men ...

denne utgåva av boka har eit "bonusspor", eller ekstramateriale om du vil, nemlig boka "31 sanger", der Hornby gjer greie for, ja du gjetta rett, 31 sangar han set spesielt stor pris på, og i varierende grad også kvifor han set pris på dei. Det gjev sjølvsagt meining å inkludere dette materialet mellom same permane som "High Fidelity" sidan platebutikkeigar Rob og medarbeidarane hans der gjer utstrakt bruk av topp 5-lister over alt frå havarert kjærleik til musikarar som burde skytast. Men dessverre er "31 sanger" eit par hakk kjedeligare enn resten av boka, og dreg derfor totalskåren ned til 4.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Hanne Kvernmo RyeMarianne  SkageEli HagelundHeidi BHeidiTove Obrestad WøienVannflaskeElisabeth SveeHarald KKjersti SGrete AastorpAmanda ANinaKirsten LundJulie StensethChristoffer SmedaasKatrinGSvein Erik Francke-EnersenEmil ChristiansenGro-Anita RoenOdd HebækMarianne MSynnøve H HoelReidun SvensliBerit REllen E. MartolPiippokattagretemorAnn ChristinVibekeAnneWangReidun VærnesToveMarteBjørg L.Mads Leonard HolvikIngunn SAndreas BokleserEivind  VaksvikMaren