Jo, det går an: Stein Winge har regissert Rosmersholm for Radioteatret utan Ulrik Brendel, denne kyniske bohemen. Resultatet er ei strammare og tydelegare oppsetjing enn fungerer betre enn eg hadde venta. Men elles er versjonen svært så tradisjonell. Sverre Anker Ousdal er ein rektor Kroll nettopp slik vi kanskje oppfattar han ved fyrste gongs lesing av dramaet, altså utan dei sidene som gjer at han i NRK Dramas fjernsynsoppsetjing kyssar Rebekka West. Han blir mindre farleg i radioen, synest eg, når Anker Ousdal nærmast karikerer ei samfunnsstøtte frå dei sørlege breiddegradane her i landet ...

Også Peder Mortensgård (Frode Rasmussen) blir ufarleg her; på dvd-en min blir han spelt langt meir nyansert. Størst inntrykk gjer Kari Onstad som Rebekka West, heilt tydeleg ramma av "det rosmerske livssyn*, det som adlar sinna, men som drep lykka. Kai Remlov gjer òg ein svært god figur; han speler Johannes Rosmer - ein kraftlaus, siste representant for slekta. Edel Ekblad fyller rolla som madam Helseth heilt fint; som eit gresk kor innleier og avsluttar ho det merkelege skodespelet.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

HeidiTove Obrestad WøienVannflaskeElisabeth SveeHarald KKjersti SGrete AastorpAmanda ANinaKirsten LundJulie StensethChristoffer SmedaasKatrinGSvein Erik Francke-EnersenEmil ChristiansenGro-Anita RoenOdd HebækMarianne MSynnøve H HoelReidun SvensliBerit REllen E. MartolPiippokattagretemorAnn ChristinVibekeAnneWangReidun VærnesToveHanne Kvernmo RyeMarteBjørg L.Mads Leonard HolvikIngunn SAndreas BokleserEivind  VaksvikMarenTonesen81BenedikteKristine Louise