Ein fin og uformel biografi av Ragnar Hovland. Velformulert og vittig presentert i kjend Tokvam og Folgerø-stil og med kaféen Zur Rose i Aust-Berlin som stemningsfult bakteppe for intervjuet av 60-års jubilanten. Her blir vi betre kjende med Hovland, oppveksten hans, korleis han utvikla seg og slo i gjennom som skribent på slutten av 70-talet, kva tekstar og bøker han har skrive, og litt om kreftsjukdomen han hadde. Bøkene hans blir presentert i løpet av biografien, med Hovland sine eigne kommentarar til. Han er klar på kva andre forfattarar som har vore og er ideala hans, og trekk fram særleg Einar Økland. Men Jon Fosse og kona, omsetjaren Tove Bakke, har óg hatt mykje og seie for skrivekunnskapen hans. Hovland vaks opp og har budd på mange ulike kantar av landet og litt utanlands óg. Men den prosentvise utrekninga som Tokvam og Folgerø har laga av kvar han har budd, viser at Hovland likevel har levd mest i Oslo, trass i at han blir rekna for å vera vestlending og ein typisk Vestlandsforfattar. Trass i at Hovland berre budde eit halvt år i Sogndal der han gjekk på Gymnaset, var det der, på Sognatun kafé og via TVen der, han "såg lyset", den britiske humoren og den moderne lyrikken til Jan Erik Vold! Hovland og litteraturen hans er prega av underfundig humor og ironi ispedd alvor og vemod. Og Ragnar Hovland er ein dyktig barnebokforfattar óg! På diktet Kveldssong for deg og meg, tente han eit par hundre tusen på versjonen og melodien til Odd Nordstoga, og kr 15 000 berre på tittelen til ringetonen!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Annonsér hos bokelskere.no


Sist sett

Kirsten LundKaren RamsvikNeda AlaeiHeidi Nicoline ErtnæsIvar SandGro Anita MyrvangBerit RLailaVibekeBerit B LieKjetil AudsenEivind  VaksvikBjørn BakkenJulie StensethAnne Berit GrønbechJane Foss HaugenLene Regine Kjølaasingar hTanteMamieJenny Dahl BakkenIngeborg GNorahStine_JAnne Lise JohannessenErlend Risvik PaulsenmoiraSigrid NygaardkntschjrldEgil KristiansenHilde H  HelsethSteinJan Arne NygaardBertySol SkipnesMarianne AugustaAlice NordliLibraritas vGodemineAstrid Terese Bjorland SkjeggerudTone Sundland