Stein Riverton- i dag vert han i hovudsak hugsa gjennom Rivertonprisen og som opphavsmann til Knut Gribb; den internasjonalt kjende politietterforskaren i Oslo Oppdagelsespoliti. Men fram til han døydde i 1934 var han ein sentral kulturpersonlegdom. Journalist, forfattar og generell besserwisser med ein stor venekrins både i Skandinavia og Tyskland. Bernt Rougthvedt set ein fantastisk koloritt til både personen Stein Riverton/ Sven Elvestad og til den omskiftande samtida hans, ei tid kor kulturliv og politikk var svært polarisert mellom psykoanalyse og kristendom, mellom idealisme og verdsfjern dekadens og mellom kommunisme og ein gryande fascisme. Riverton veltar seg i dette grenselandskapet i djup akoholisme, i det eine augeblikket i eufori over eigne evner og i det neste bedrøvet til døden for sine homoseksuelle kjensler. Alt dette maktar Rougthvedt å skildra utan at det vert påfallande skandaleprega eller fordømmande. Sjølv Riverton si udiskutable begeistring for fascismen og Mussolini vert tatt seriøst og behandla som det det faktisk var; overbevisning. Ikkje fyllerør. Boka er elles så full av kuriosa frå mellomkrigstida sitt kulturliv, at eg nesten føler eg har levd i denne perioden. Rougthvedt viste med biografien om Per Imerslund, "Det ariske idol" at han verkeleg forstår unge menn dradd mellom glødande fascisme og problematisk homoseksualitet. Med "Riverton" vert det inntrykket bekrefta.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Ella_BSol SkipnesGrete AastorpHanneDemetersiljehusmorsomniferumMads Leonard HolvikSigrid NygaardHeidi Nicoline Ertnæsingar hBeate KristinTove Obrestad WøienRufsetufsaHanne Kvernmo RyeIngeborg Kristin LotheCecilieEllen E. MartolMarianne  SkagePi_MesonAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHilde Merete GjessingAud Merete RambølbrekStig TSynnøve H HoelHarald KIreneleserFindusBjørg Marit TinholtgretemorAvaKnut SimonsenPiippokattaIngeborg GKjerstiIngvild SritaolineLailaEva