Ei bok om sorg og kor skjør han kan vere: som den tynnaste isen på vatnet som kan rakne viss ein fugl kjem for nære. Under isen, eit botnlaust djup kor kjenslene ligg, klar til å svelle til overflata. Oskar mista faren sin i åtaket mot tvillingtårna i New York. Ein får inntrykk av at huda hans er som den skjøraste isen, og under den har han eit sakn som han ikkje heilt maktar å forholda seg til. Han finn ein nøkkel i faren sitt skåp, og legg ut på ei reise for å finne holet til nøkkelen. Inni mellom denne historia viklar det seg ut ei historie rundt besteforeldra til Oskar, foreldra til faren hans. I mange lag blir me kjent med Oskar og familien hans. På ein sår, skjør og vakker måte, men og med ein humoristisk teft.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Hanne Kvernmo RyeBjørg Marit TinholtgretemorAvaStig TKnut SimonsenPiippokattaTove Obrestad WøienIngeborg GKjerstiEllen E. MartolIngvild SritaolineHarald KLailaRufsetufsaEvaHilde H HelsethConnieKaramasov11Mads Leonard HolvikmgeJarmo LarsenSissel ElisabethAnniken LDolly DuckEli HagelundDemeterFride LindsethBjørg L.Egil StangelandBeathe SolbergVannflaskeIngunn STatiana WesserlingJulie StensethKirsten LundSigrid NygaardNina SolåsElisabeth Svee