Her er det mer trolldom enn vi aner, Kjell! Jeg sitter og leser mitt første Shakespeare-stykke, Othello. Der leser jeg i første akt at Iago sier: Merk Dem at mang en lydig knekt som bøyer kne, som elsker sin servile slaverolle, han ender utslitt som sin herres esel for kostens skyld, -som gammel får han sparken.
Dette ligner da veldig på noe jeg nettopp leste i Don Quijote?
Og sannelig, i kap. XXIV i sier dQ: ...det nå blir gitt ordrer om å understøtte og hjelpe gamle og forkrøplede soldater, for det tar seg ikke godt ut om man behandler dem slik mange pleier, som kvitter seg med sine slaver og gir dem friheten når de er gamle og ikke kan brukes mer. De kaster dem ut av huset og kaller dem frie og gjør dem til slaver av sulten, som de ikke kan unnslippe før de dør.
Ikke helt likt, men nok til at jeg begynner å lure på denne trolldommen, jeg også ;-)
Viser 1 svar.
Men det var altså la cueva de Montesinos, som finst på ordentleg (her står det litt meir om staden vi nå er på saman med våre venner). Legenda om Montesinos er det skrive mykje om (som denne boka). Ja, berre resultata på Google-søk etter denne grotta og stoffet rundt kunne få ein til å ta eit fast standpunkt til spørsmålet om AFP når den tida kjem: Sjå berre på denne omtalen – som ligg under dette treffet! Slikt ville det vere morosamt å lese meir om!
Elles hadde eg venta at kommentator LAM hadde vore full av forklaringar på dei mange referansane, men slik er det faktisk ikkje, og dei fleste kommentarane er ikkje interessante for oss (her får de berre tru meg).
LAM opplyser at don Quijote seier at han spurde Montesinos om det var sant, dette at han hadde skore hjartet ut av brystet på sin gode venn Durandarte og gitt det til frøken Belerma, slik Durandarte hadde bedt han om «al punto de su muerte». Spørsmålet hans, seier LAM, uttrykkjer ein sinnstilstand som er stikk motsett av den som han fram til nå har vist overfor riddarpoesien. Denne vantrua som lågadelsmannen mellom draum og visjon legg for dagen her, vil vi sjå parallellen til i Montesinos eiga vantru da han nærmare seg liket til Durandarte. Legg merke til, held han fram, at don Quijote begynner med å halde fast ved på dei detaljane som er aller mest sannsynlege ved utrivinga av hjartet. I forteljinga si kombinerer don Quijote element og personar frå legender om Arthur og Karl den store, etter den versjonen av dei som omhandla den kastiljanske mellomalder-romanceroen. Montesinos, Durandarte og Belerma er personar i dei karolingiske legendene; trollmannen hører til Arthur-legendene. I forteljinga finn vi att element frå enkelte mellomalderversjonar av den overnaturlege verda og av klassiske legender der helten stig ned i helvete. Montesinos er ein helt i den kastiljanske romanceroen. Han er med i legenda om Karl den store, men finst ikkje i fransk litteratur,
Elles er ikkje Merlín «francés», som Montesinos påstår, men bretonsk eller walisisk. LAM viser til lange diskusjonar om diktet «¡Oh, mi primo Montesinos!»; her skal ha Cervantes ha henta stoff frå eldre romances. Men også LAM legg band på seg: I ein samanheng orkar han visst ikkje forklare meir, han heller, for han seier: «Por razones que no importa aclarar aquí, …» - av årsaker som vi ikkje treng å forklare her, … Men, og her er noko for oss: Også Amadís de Gaula dreiv med slike hjarteskjerande syslar; o m han døydde, skulle væpnaren Gandalín skjere ut hjartet hans. Tenkte vi det ikkje; det er lenge sidan vi har hørt om Amadís nå!
Til slutt opplyser eg berre at LAM fortel at Cervantes skal byggje på «rumores populares» når han skriv at Belerma hadde ei frue som heitte Ruidera, og at Durandarte hadde ein væpnar som heitte Guadiana, og at Merlin forvandla dei til innsjøar, ei burlesk etterlikning av dei mytologiske forvandlingane (som hos Ovid, da, sikkert).