Seth er ein teikneserieskapar frå Canada. Seth hatar moderniteten, han lengtar etter ei nostalgisk fortid, ei tid då alt var annleis og betre - ei tid han ikkje ville levd i sjølv, når det kjem til stykket - men like fullt lengtar han. Etter ei tid då alt var enklare, lettare. Difor kler Seth seg i 50-tals klede, komplett med dress og slips, frakk og hatt.

Ein dag, i eit antikvariat, på jakt etter gamle teikneserieblader, finn han eit gammalt nummer av The New Yorker med ei vitseteikning signert "Kalo". Frå no av vert det nærast å ei livsoppgåve for han å finna ut kven denne obskure Kalo eigentleg var. Det til dei gradar at alt anna nærast vert ubetydeleg for han. Til og med kjærasten.

Boka er teikna i duse grønfargar og er ei hyllest til 50-talets teikneseriar. Det er ei stille verd me rører oss i, ei verd av lengt etter noko som ein gong var, men som eigentleg aldri var der. Som hovudpersonen Seth seier det: "Det er rart. Det er noe ved gamle tings forfall som inngir et dypt vemod over den forsvunne fortiden. (-) Det er forskjellen mellom en forsømt gammel bondegård og en plettfri art deco-lobby. På en måte overbeviser ikke lobbyen deg om gårsdagens virkelighet eller skjønnhet."

Denne boka er ein del av ei større historie i serien "Palookaville". Eg les gjerne resten.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Dolly DuckHarald KMarit MogstadPer Åge SerigstadIngunn SKirsten LundMads Leonard HolvikMarthe LandsemIris ElisaReadninggirl30Julie StensethalpakkaGunn DuaasEllen E. MartolPiippokattaAud- HelenNinaAlice NordliCarine OlsrødTove Obrestad WøienHanne Kvernmo RyeMarianne  SkageEli HagelundHeidi BHeidiVannflaskeElisabeth SveeKjersti SGrete AastorpAmanda AChristoffer SmedaasKatrinGSvein Erik Francke-EnersenEmil ChristiansenGro-Anita RoenOdd HebækMarianne MSynnøve H HoelReidun SvensliBerit R