Ja, her har medlesarane sett mykje før eg har komme meg til tastaturet! Eg vil komme litt tilbake til det som tidlegare er sagt om Don Quijote som metaroman; i kap. X får eg assosiasjonar både til «han som skriv» i Edvard Hoems Kjærleikens ferjereiser (sjølv om vi i vårt tilfelle ikkje har nokon som skriv som går inn i handlinga, som hos Hoem). Også med Denis Diderots Jacques le fataliste er det nokre narratologiske parallellar. Så Cervantes går inn i ein tradisjon, men kva som var før han på dette området, veit eg ikkje så mykje om, bortsett frå at eg vel tidlegare har sitert LAM om at riddarromanane ofte hadde fleire – sjølvsagt fiktive – manuskript som forfattaren kommenterte.
Nå vel, kap. IX opnar med «Media noche era por filo» («Det var alt langt over midnatt»), og dette, seier LAM, min venn i filologiske naudsituasjonar, er det fyrste verset i ein romance, «Romance del conde Claros de Montalbán». Også seinare i kapitlet er det allusjonar til romancer. Og når don Quijote seier «Con la iglesia hemos dado, Sancho» («Vi er komne til kyrkja, Sancho»), opplyser LAM at denne setninga kom til å bli namngjeten i tolkinga av «[el] sentido esotérico», altså den esoteriske tydinga av Don Quijote på 1800-talet. Kva som ligg i dette, får eg grunne på til neste runde med Don Quijote.
I kap. X ser eg at G&K bruker prosa for å gi att eit par verselinjer i originalen:
Mensajero sois, amigo
no merecéis culpa, non.
I omsetjinga står det – heilt rett – «[…] at eg kun er et sendebud som handler etter befaling og følgelig utan enhver skyld». Det skal bli interessant å sjå kva W gjer her. G&K får i alle fall ikkje fram at dette er poesi, henta frå ein romance av Bernardo del Carpio. Rett etterpå har originalen eit par utbrot som ikkje er med hos G&K, noko av eit ordtak som er vanskeleg å omsetje. Å leite etter ei Maria i Ravenna vil seie å leite etter noko der det er, men her står det for, stadig etter LAM, å leite etter noko unyttig og unødvendig, noko vanleg og svært synleg, som ein artianar frå Salamanca, eller ei Dulcinea som ikkje finst.
Det er litt artig å sjå korleis Sancho trekkjer fram at namna på dei som doktorerte, vart skrivne med raud farge på veggen, for dette ser vi restar av på domkyrkja i Granada og på universitetet i Salamanca.
Så kjem noko anna artig, nemleg at Sancho forvekslar cananeas («kanaanear») og hacaneas (som eg ikkje finn i ordbøkene), men at G&K bruker «studeri» og «stutteri», aldeles glimrande, synest eg. Eg skriv G&K og ikkje K&G, enda det står på tittelbladet at boka er omsett av Nils Kjær og Magnus Grønvold, for eg har tenkt at Grønvold, som jo har laga ei heil ordbok, har stått for det filologiske grovarbeidet, og så har Nils Kjær gått etter i løypa og fått litterær sving på dette arbeidet. Eg undrar meg over kva som har hindra annelingua frå å undersøke dette spørsmålet i detalj, flink som ho er til å oppspore både det eine og det andre!
Dette får klare seg – eg lyt vidare i neste bolk …
Viser 2 svar.
Verselinjene i kap. X er i Worren gjengitt slik:
"Budbringer er De, min venn
og fortjener ingen skyld, nei."
(Av en eller annen grunn virker ikke tegnene for kursiv lenger.)
Og det fortsetter slik:
"Stol ikke på det, Sancho, for folk i La Mancha er like koleriske som de er hederlige, og finner seg ikke i påfunn fra noen. Gode Gud om de finner det ut, da skal dere nok få merke det. Vik fra meg Satan! La lynet slå ned i naboens hus! Nei, la meg ikke stå på hodet for at andre skal få glede av det! Og dessuten er det like vanskelig å lete etter Dulcinea i Toboso som å finne Marcia i en høystakk, eller studenter i Salamanca. Fanden selv, og ingen annen, har fått meg inn i dette!"
Den eneste forvekslingen jeg finner i farten i dette kapitlet, er der Sancho kaller passgjengerne som de tre bondejentene kommer ridende på, for plassgjengere.
Takk! Interessant å sjå kva dei driv med, dei som får dette verket over på norsk. Eg veit at Worren kontakta spesialistar på 1600-talsspansk under arbeidet. Hadde trud at eg skulle klare meg utan versjonen hans, men har altså bestilt og ventar spent på kva han har å by på av løysingar.