Hermann Broch er ein utilgjengeleg forfattar, men det er openbart etter eige ynskje. Formulering og syntaks er så utvilsamt tysk, men uendelege rekkjer av ord før eit frelsande punktum. Det høyres anstrengande ut (noko det også er), men samstundes ambivalent; for orda hans treff hardt med både meining og menneskeleg innsikt. Eg orkar ikkje lesa vidare, men eg maktar heller ikkje å leggja boka frå meg. Nær sagt heldigvis er "De skyldløse" ei novellesamling, så den litterære kvaliteten er svært varierande og difor treng ein ikkje gravleggja seg like mykje i Broch (som i til dømes Vergils død, ein nærast uendeleg roman. Prosjektet for boka er vitterleg ambisiøst; å forklara nazismen sin framvekst i det tyske samfunn , og det lykkast måteleg. Enkelte av novellene, då tenkjer eg særleg på "Lektor Zacharias fire taler" gjev truverdige djupdykk i det tyske gjennomsnitsmenneske sitt mentale landskap kring 1923. Sjølv Zacharias, sjølverklært sosialdemokrat, lengtar etter ein førar som kan heva seg over all den parlamentariske småkjeklinga, han drøymer om brorskapet han opplevde i krigen og ynskjer hemn over Tyskland sine taparar etc. Svært godt skissert, og eg syns det er verkeleg synd at Zacharias kun er med i 2 av novellene. Den andre hovudpersonen, A , er eg meir skeptisk til. Broch får fram eit bilete av politisk likegyldigheit, apati og eit ynskje om å stå utanfor samfunnet i denne figuren, MEN etter mitt syn er det gjort med litt for mykje høgtflygande skildringar og filosofiske spekulasjonar om mennesket. Å forklara nazismen si kjerne, vert borte i alt dette velformulerte og spissfindige. Likevel er hovudpoenget til Broch klart; politisk likegyldigheit vert ofte etisk likegyldigheit.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Anne-Stine Ruud HusevågTine SundalKirsten LundLailaMartePiippokattaAmanda ATanteMamieElinBeReadninggirl30FarfalleEllen E. MartolJulie StensethBeathe SolbergMonica CarlsenRandiAHege H.Hanne Kvernmo RyesiljehusmorTheaflaTore HalsaTone SundlandConnieOda Marie HMarianne  SkageBjørg L.Daffy EnglundalpakkaMads Leonard HolvikAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHarald KLene AndresenIngeborg GAudhildChristofer GabrielsenEgil StangelandAlice NordliTine VictoriaAva