Eg vert fort nysgjerrig om omslaget på boka ser fint/kjekt/gøyalt ut. Eg gløymer av og til å sjekke om ho har fått kritikk frå folk med sans og samling, og kjøper boka likevel. Og les ho.

Eg vert skremt av små pocketbøker med mykje detaljar på omslaget og stor, stygg skrift på tittelen. Som om eg bør ha spelt eit spel eg ikkje kjenner til viss eg vil forstå denne boka.

Det hender eg bryr meg om omslaget på boka når eg les. Eg synes ikkje noko om å lese bøker blant folk. Eg tenker, "Pokker ta, ikkje bedøm meg på omslaget til boka mi!" Så det har hendt eit par gonge at eg pakker boka inn i bokbind. Kanskje like greitt; boka held seg så fin etterpå!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Julie StensethKirsten LundHanne Kvernmo RyeSigrid NygaardHarald KNina SolåsPiippokattaElisabeth SveeTone Maria JonassenKine Selbekk OttersenKatrinGBeathe SolbergMonica CarlsenEmil ChristiansenPer LundAvaAud Merete RambølThomas Heie H.Turid KjendlieStine AskeMads Leonard HolvikIngebjørgGroStig TChristoffer SmedaassiljehusmorCarine OlsrødBrit HonningsvågAlice NordliHanneTine SundalAnne-Stine Ruud HusevågEllen E. MartolStian AxdalBjørg RistvedtHeidiElin FjellheimEirin EftevandChat_noirGodemine