Ludvig Holberg skulle vel ikkje ha bruk for ein nærare presentasjon. Skulle eg tru. Han står der på sin sokkel i Bergen by, dei åra eg budde i Nye Sandviksvei gjekk eg dageg forbi den gamle latinskulen med minneplaketten: "Her var Ludvig Holberg elev…" eller noko i den dur. Ludvig Holberg sine komediar (eller er det snarare tragediar?) dannar sjølve plattformen for våre gamle institusjonsteatre, han er fyren du dreg fram når kongen er til stades, når det er syttende mai og jul og nyttår eller norskeksamen, eg innbiller meg at han sit på ein pidestall der oppe i himmelen i lag med desse andre me har sendt dit, Ibsen, Bjørnson, Grieg og resten av kostebinderiet.

Men så les du epistlane hans, og essayistikken, og oppdagar at han er nett slik du trudde - eller, han er det ikkje. Du oppdagar at Holberg er politisk stokk konservativ. Det var sikkert ein god grunn då tidlegare kulturminister Lars Roar Langslet (Høgre) skreiv sin ypparlege biografi om Holberg - "Den ensomme". Som god konservativ var Holberg radikal i sine synspunkt. Som barn av si tid var han i slekt med andre gode konservative radikalarar: Montaigne, Jonathan Swift ("Gullivers reiser"). Dei skreiv og virka i ei tid då det å stela idear frå kvarandre snarare var ein dyd og ikkje eit brotsverk.

Som medviten konservativ har eg ingen vanskar med å følgja Holberg i hans essays og epistlar. Eg finn hos han den same vektlegginga på fornuft og nytenking, radikalisme og konservering av verdiar som hos meg sjølv, den same skepsisen til trua på at samfunnet og liva våre kan planleggjast og styrast etter minste detalj, i trua på prinsipp. Den same mistrua til utopiar. Den same dobbeltbotna haldninga til tru og ikkje-tru, fordi ein bør la det meste stå ope, fordi ein kan vita så lite sikkert om det meste. I Holberg si verd er trea kloke, for der går det seint.

Og framfor alt finn ein den turrvittige låtten, stundom gapskratten, over alt som er så dumt og narraktig at det ikkje er til anna enn å le av, ein særeigen form for humor han deler med så mange konservative skribentar, ikkje minst Nils Kjær.

Og det er mykje ein kan le av. T.d. alle dei ivrige misjonærane som vil frelsa verda med betre kosthald, miljøpolitikk, økonomisk omlegging, yoga eller kva det no er - alle desse "frelse verda-gutta". Eller desse som tyr til rasisme og knefall for totalitære samfunnssystem, anten dei no er på høgre- eller venstresida. I "Den politiske kannestøber" møter du typen, desse sjølvhøgtidlege tullingane som løyser verdsproblema i ein fei og er fulle av preik.

Men som så ofte inntek Holberg ei slags dobbelthaldning. I "Jeppe på Bierget" ligg sympatien for ein stor del hos den drikkfeldige bonden, som han samstundes gjer narr av. Det same skjer i "Erasmus Montanus", denne kjepphøge og innbilske narren av ein akademikar som samstundes får vår sympati, då omgjevnadene er endå dummare.

Holberg talar kvinna si sak. Samstundes er han ein ivrig tilhengjar av dødsstraff. Han er ein varm tilhengjar av opplysing, han kjempar mot dumskapen sjølv om det er det samla akademia - samstundes er han også ein varm forsvarar av det beståande. Som ein sann konservativ er han full av radikale idear, samstundes som han også veit å slå bremsene på. Slik sett vert Holberg både gasspedal og bremse på ein og same gong. "Å forandra for å bevara," som ein av hans åndsfrendar sa det.

Meir om Holberg sine epistlar og essays i eit seinare innlegg, dei ligg atter klare på bordet mitt.

Så langt og så lenge vil eg tilrå Langslet sin glimrande biografi, som eg ønskte meg av mine kolleger til 50 års-dagen min - og fekk.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Per Åge SerigstadIngunn SKirsten LundMads Leonard HolvikMarthe LandsemIris ElisaReadninggirl30Julie StensethalpakkaGunn DuaasEllen E. MartolPiippokattaAud- HelenNinaAlice NordliCarine OlsrødTove Obrestad WøienHanne Kvernmo RyeMarianne  SkageEli HagelundHeidi BHeidiVannflaskeElisabeth SveeHarald KKjersti SGrete AastorpAmanda AChristoffer SmedaasKatrinGSvein Erik Francke-EnersenEmil ChristiansenGro-Anita RoenOdd HebækMarianne MSynnøve H HoelReidun SvensliBerit RgretemorAnn Christin