Syns boka var fantastisk!! År & dag sidan eg har lest noko så bra av fiksjon. Syns denne kan godt lesast av vaksne, sjølv om den er merka til ungdom. Den var så spennande, uhyggeleg til tider, og har ein driv så ein vil lesa/vita meir og meir. Samtstundes må eg av og til legga boka frå meg og fordøya/filosofera over et nytt moment som kjem fram i forteljinga..
Syns hovudepersonen er skildra realistisk og språket er bra og poetisk. Forteljartonen minnar litt om Margaret Atwoods "Tjenerinnens beretning". Finn og assosiasjonar til både "Vidunderlige nye verden" og "1984". Ein får ein djupare dimensjon av boka om ein har lest desse tre dystopiane, og kjenner til/har sansen for sjangeren. Positivt syns eg med denne at det ikkje er nokon overnaturlege element, styrkar truverdigheten til boka. Det blir altså et vanleg menneske sin kamp mot et slemt regime.