Det er sjeldan eg vert så oppslukt av ei bok at eg les 500 sider nærast i eitt strekk. Det verste ein forfattar kan gjera er å levera frå seg ei bok utan spenning og nerve, særleg om boka er lang og særleg om den er meint å vera spennande. "Lille stjerne" har alt som trengs. Her er ein indre spenning og ei uhygge som dreiv meg frå side til side - ei fantastisk bok. Om det ikkje hadde vore for at eg frå no av berre vil reservera terningkast 6 til det aller ypperste, skulle denne boka glatt fått ein seksar frå mi side.

Det er elles skrive så mykje om "Lille stjerne" på Bokelskere at eg ikkje skal gje noko handlingsreferat eller utdrag, men kort slå fast at denne boka gav meg ein vond draum ei natt. Det fortel sitt. Særleg første delen om Theres som veks opp innesperra i kjellaren til det avdanka svensktopp-paret var bra, så bra at ein ikkje skulle tru det kan bli betre når fortellinga flyttar seg over til Terese, den feite, stygge jenta som skriv så fantastiske tekstar.

Og når desse to jentene etter kvart møter kvarandre - ja då...

Spenningslitteratur i verdsklasse!

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

Stig THarald KNinaMaikenbandiniJulie StensethPiippokattaLisbeth Marie UvaagGrete AastorpTone HTone SundlandElla_BSol SkipnesHanneDemetersiljehusmorsomniferumMads Leonard HolvikSigrid NygaardHeidi Nicoline Ertnæsingar hBeate KristinTove Obrestad WøienRufsetufsaHanne Kvernmo RyeIngeborg Kristin LotheCecilieEllen E. MartolMarianne  SkagePi_MesonAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHilde Merete GjessingAud Merete RambølbrekSynnøve H HoelIreneleserFindusBjørg Marit TinholtgretemorAva