Artig påfunn Hedvig.
Eg har tenkt litt og kome fram til at dersom det skal kome nokre fleire "4 store" bør desse plukkast ut blant forfattarar som endå lever (og helst endå er aktive). Dette snevrar inn kandidatane litt (og utelukker både Bjerke og Ibsen som eg gjerne skulle hatt på den nye lista).
Etter endå meir tenking (ja tenking er noko eg kan!), satt eg igjen med 3 store forfattarar som eg gjerne ville putte inn på lista:
Jon Fosse, Erlend Loe og Vera Henriksen.
Den fjerde er eg litt usikker på, kanskje Tore Renberg eller Ragnar Hovland.. Men eg klarer ikkje heilt å velje mellom desse så det vert nok berre "3 store" frå meg..