Er det det at Hamsun var nazist som gjer at du ikkje vil lese nokon av bøkene hans meir, eller er det på grunn av at du ikkje likte det du har lest hittil?

Eg kjenner forøvrig godt att avsmaken ein kan få av å bli tvinga til å lese ei bok ein ikkje liker på skulen.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Enig. Og han har også klatra litt på oddslista siste dagane. Men magefølelsen min seier Aleksijevitsj.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Og når eg tenker meg om er sjansen ganske liten for at eg lever om 50 år, så mest truleg får eg aldri vite det. Går eg ikkje glipp av større mysterier enn det i løpet av livet så skal eg vere nøgd.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Det får vi vel strengt tatt ikkje vite før om 50 år, i alle fall dersom alle held seg til reglane. Men han figurerer på odds-lista ja.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Oksanen er jo den med mest sprikande odds akkurat no, frå 8 til 51!

Ellers las eg nyleg ein kommentar på ein annan nettstad der vedkomande håpte at Ko Un skulle vinne, fordi det då ville vere rekord i kort navn på ein nobelprisvinnar i litteratur. Eg håper nobelkomiteen legg litt andre kriterier til grunn.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Og i morgon kl 13:00 får vi svaret.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Svetlana Aleksijevitsj har klatra på lista i det siste. Etter å ha lest litt om dei ulike sannsynlege kandidatane lurer eg på om ho kanskje kan vere den mest aktuelle.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ein kommersiell indikator på korvidt ei bok er ein klassiker er jo om den kjem i nye opplag årevis etter at den kom ut første gangen.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

45 bøker på vent i bokhylla ... eg tillet meg å avgrense forslaget mitt til ei av desse bøkene. Men kva for ei? Fuglane av Tarjei Vesaas har eg hatt lyst til å lese lenge, men eg frykter at mange av felleslesarane alt har lest denne. Så har eg tenkt på Fiolinane av Jan Roar Leikvoll, men eg forstår av omtaler og diskusjoner av denne boka at den kan vere i overkant ufyseleg for enkelte.

Derfor landar eg på Gulldronning, perledronning av Margaret Skjelbred. Eg forstår det slik at eit av forteljargrepa er å knytte element av folkeeventyra til handlinga. Kanskje kan dette gi grobotn for interessante diskusjonar? Ja, dette er mitt forslag (og med ei dårleg skjult von om at nokon andre skal foreslå dei andre bøkene eg har nevnt ....)

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Bra forslag, dette er ei bok eg har hatt i tankane tidlegare.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Å ja, eg gløymde å kommentere denne observasjonen; mot slutten av kapittel 1 er Rastignac på vitjing hjå de Beauséant, der også fru de Langeais er til stades. Dei starter å snakke om far Goriot, og i løpet av samtalen omtaler Langeais Goriot som både Foriot, Moriot, Loriot og Doriot.

Er fru de Langeais berre litt vimsete, eller er ho med vilje nedlatande ved å seie feil namn (eg heller mot det siste). Og til de som er franskkyndige, får nokon av desse "feilvariantane" ei spesiell tyding på fransk? Omlag som om nokon skulle kalle herr Røyset for Tøyset, mener eg?

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Takk for hyggeleg tilbakemelding,

På generelt grunnlag vil eg påstå at folk som opplevde medie-oppstyret rundt ulukka og det politiske oppgjeret i etterkant kan ha stor nytte og glede i å få innsyn i kva som gjekk føre seg bak kulissane. Kristiansen har etter min forstand gjort ein grundig jobb i å nøste opp i dette.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Som ikkje-fagperson (bibliotekar el.l.) er det mulig at eg dummar meg ut no, men eg meiner dei fleste magasin, tidsskrift, teikneserier etc har eit ISSN-nummer. ISSN er vel for slike publikasjonar det same som ISBN for bøker. Slik eg oppfattar det kan ISBN tilordnast enkelt-nummer av ein serie publikasjonar, men det er vel mest aktuelt for andre typer publikasjoner enn Josimar.

I følge BIBSYS har Josimar ISSN-nummer 1891-4276.
Det er vel ikkje lagt til rette for å registrere ISSN-nummer på Bokelskere. Men ein kunne kanskje foresått for admin å legge til rette for det ved eit seinare høve (etter at han har fått ordna det presserende problemet med registrering av nye bøker, meiner eg)

Eg har søkt litt rundt på bokelskere etter div seriepublikasjonar, og har hittil ikkje funne nokon som er registrert med ISSN-nummer.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Femordsomtale: Grundig dokumentar om skjebnesvanger gruveulukke.

Alt for lang omtale:
Kristensen antyder på slutten av boka at ho brukte svært lang tid på å samle saman materiale og skrive det saman til ei bok – 36 år. Det kan eg godt forstå, dette framstend som ein særs grundig og gjennomarbeida gjennomgang av ikkje berre ulukka, men heile historia til den aktuelle gruva og det dramatiske politiske etterspelet ulukka fekk

Sjølv eg som er fødd etter den tragiske gruveeksplosjonen i Ny-Ålesund i 1962 har høyrt om Kings Bay-saka, men eg har hittil hatt berre overfladisk kjennskap til den. Det omkom 21 personar i denne eksplosjonsulukka. Det eg ikkje visste var at det tidlegare også hadde vært ein serie eksplosjonsulukker med dødelig utfall i den same gruva; 26 personar omkom i 1920, 4 i 1927, 15 i 1948, 9 i 1952 og 19 i 1953. Med ein arbeidsstokk på rundt 2-300 personar er dette uhyggelege tal. Like fordømt skulle ein halde fram med å sende folk ned i denne gruva for å hente ut kol.

Inntoget av fjernsyn i dei tusen heimar kan nok vere ein medvirkande årsak til at denne siste ulukka brende seg så sterkt inn i medvitet til det norske folket. Der er ei fornøyeleg skildring av korleis ein ung og ivrig Per Øyvind Heradstveit med eit filmteam frå NRK TV tek seg oppover til Svalbard i eit småfly. Fjernsynsreportasjar frå ulukkesstaden samt direktesending frå minnegudsteneste i Harstad må ha gjort stort inntrykk på folk flest.

Eller kanskje er det det politiske etterspelet som gjer at folk framleis hugsar denne ulukka så godt? Samansetjinga i stortinget var slik at det nydanna SF var i vippeposisjon, og SF hadde uttalt vilje til å felle Gerhardsen-regjeringa ved ei passande anledning. Denne anledninga kom som følge av kritikk av regjeringa sitt ansvar for gruvedrifta i det statlege Kings Bay-selskapet, sjølv om det teknisk sett var skuldingar om at regjeringa hadde freista å halde attende ein rapport som gjorde at den måtte gå.

Årsaka til ulukka blei aldri ordentleg fastslått i nokon offentleg rapport. Kristensen legg til slutt fram si eiga meining om kva som kan ha skjedd, og for ein som ikkje er fagmann virker det absolutt tilforlateleg.

Som historisk dokumentar er denne boka truleg verdt langt meir enn eit terningkast 4. Det er på ein måte urettferdig å påstå at ei dokumentarbok er for grundig, men det var litt av denne kjensla eg fekk medan eg las den. Sjølv om den er velkomponert og gjennomarbeida, er der også eit overveldande antal faktaopplysningar og eit stort persongalleri. På den eine sida er eg glad for at alt dette er med, men på den andre sida gjorde det boka litt tung å lese. Og terningkastet gjenspeglar leseopplevinga mi, ikkje boka sin verdi som dokumentar.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Femordsomtale: Dyster historie om eigenrådige damer

Treavsnittsomtale:
Rikka Torsen er frå slekta på storgarden Gan, men slekta er kjøpt ut av den rike Mattias Aga og ho bor hjå broren, den skrøpelege Jon Torsen som er bestyrar på garden, og svigerinna Fernanda. Historia blir eigentleg ikkje fortalt, den blir antyda. Ein skal vere ganske god til å tolke hint av ulikt slag for å få med seg heile handlinga, eg gjekk truleg glipp av ein del vesentlege poeng undervegs. Sterke og eigenrådige damer, utanomekteskaplege forhold, sjalusi, barnemord, sinnsjukdom og hevn er nokre av ingrediensane. Og alt fortalt saman med sterke inntrykk frå naturskildringar.

Eg fekk mange assisiasjonar til Selma Lagerlöf sin Gösta Berlings saga då eg las denne. Litt på grunn av at settingane har mange likskapar (tidleg 1800-talshistorier frå stordgardar ved ein innsjø), men mest fordi det er ein nærmast draume- eller eventyraktig tone i begge forteljingane. Men Rikka Gan er nokre hakk mørkare enn Gösta Berling.

Eg høyrde denne som lydbok på Ordflyt, dette var den siste boka eg rakk å høyre før denne tenesta vart lagt ned (snufs). Eg bladde også fort igjennom boka på nasjonalbiblioteket sine sider, og hadde stort utbytte av det som supplement til gjennomhøyringa.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Det er vel ikkje så lenge til det er klart kven som blir tildelt Nobelprisen i litteratur for i år. Eg ser på Nobelprisen sin heimeside at der er 210 nominerte, og at 36 av desse er nominerte for første gang.

Nominasjonane er hemmelege i 50 år, men det hindrar jo på ingen måte folk i å spekulere i kven som får prisen. Enkelte gjer til og med forretningar på slike spekulasjonar, og tek imot veddemål Denne sida gir eit oversyn over oddsen hjå ein del spelselskap.

Pr i dag så er Haruki Murakami ein knapp favoritt framfor Ngugi Wa Thiong'o, som er eit totalt ukjent navn for meg. I det heile har slike lister ein lei tendens til å innehalde mange navn eg ikkje kjenner. (Det seier nok meir om meg enn om listene) Men hyggeleg å sjå at der er to nordmenn på lista, Jon Fosse og Karl Ove Knausgård, sjølv om dei ikkje er i favorittsjiktet.

Skal bli spennende å sjå kven som blir valgt ut. Eg har ein tendens til å heie på forfattarar eg kjenner litt til frå før, men egentlig burde eg jo ønske meg ein vinnar eg ikkje kjenner noko til.

Godt sagt! (15) Varsle Svar

Det finnest nok eksempel på at eg har avstått frå å skaffe meg ei bok eg har hatt lyst til å lese på grunn av negative omtaler. Men eg ser sjølvsagt på kva anmeldarane spesifikt kritiserer, og prøver å vurdere om dette er noko eg ville ha reagert negativt på. Er eg i tvil kan eg godt finne på å bla i boka på bokhandelen eller på biblioteket for å danne meg mitt eige inntrykk først. Diskusjoner og omtaler her på bokelskere har forøvrig vært til stor hjelp når eg prøver å sortere ut kva bøker eg trur eg vil like eller ikkje.

Og som Rolf Ingemundsen er inne på i innlegget nedanfor; dersom eg først har skaffa meg boka så les eg den uansett.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Gog helg, ja. Eg blir ferdig med Kings Bay-saken i helga, og henger meg på krim-tanken no i haustmørke kveldar. Det blir beksvart, med Hungerilden av Eriksson og Sundquist, dette er den andre boka i ein trilogi.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Eg trilla også 4 på denne. Men vi får passe på å ikkje nevne terningkastet når vi snakkar med franskmenn/damer, ellers er det ikkje sikkert vi får suss på kinnet.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Eg las, eller rettare sagt høyrde, Dostojevskij sin "Spilleren" i sommar, og fekk mange assosiasjonar til denne medan eg las Far Goriot. Sjølv om det er heilt ulike historier er der likevel enkelte element som gjeng att:
- Ein fattig hovudperson som søker å klatre i den sosiale rangsstigen
- Intriger i familien
- Penger, alt handler om penger og korleis ein kan sno seg ut av ein vanskeleg pengesituasjon
- rulett og mynteininga Louis d'or er med i begge bøkene (sjølv om Friedrich d'or er hyppigare brukt i Spilleren)
- men først og fremst det at der er unge damer (døtrene i Far Goriot, Blanche i Spilleren) som er rimeleg hensynslause når det gjeld å skaffe seg tilgang til andre sine pengar.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Sist sett

Per LundJ FKaramasov11RufsetufsaInge KnoffAkima MontgomeryJane Foss HaugenJulie StensethSigrid NygaardHarald AndersenBjørg L.Synnøve H HoelHarald KAgneslillianerKarin BergIngunn STom-Erik FallaSigrid Blytt TøsdalGroMads Leonard HolvikKirsten Lundmay britt FagertveitNorahMcHempettEvaStig TThereseMarit HeimstadLailaHannesomniferumTonje-Elisabeth StørkersenTralteEgil StangelandHelge-Mikal HartvedtINA TORNESsvarteperLilleviTine Sundal