Eg er også nøgd med ordninga slik den er no, ynskjer ikkje endring. Men håper mange uttalar seg, slik at det blir eit reelt fleirtal som bestemmer.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Det er ikkje sikkert dette er rette tråden, men pytt pytt, nærme nok tenker eg.

Ein slektning av meg delte ei lenke til ein artikkel i The Guardian om merkelege og flotte bokhandlar på facebook. Eg fekk lyst til å dele den vidare her. Då er det vel berre å starte å planlegge ferien i 2015.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Tja, så langt er det jo ingen som har gjort noko som er til sjenanse for andre, så det er ikkje sikkert at det er naudsynt å gjere noko i det heile. Ekskludering pga manglande bøker er ein mangelfull ide etter mitt syn, då ein må ta høgde for at det kan finnest medlemmer som har glede av å vere på sidene her sjølv om dei ikkje oppretter bokhyller etc.

Dersom ein vil prøve å unngå mulige spam-angrep av den typen som geitebukkeskjegg er inne på, går det kanskje an å setje eit tak på kor mange profilar som kan opprettast eller loggast inn på frå same IP-adressa. Men det kan jo hende at spammerar kan omgå ei slik sperre heilt problemfritt for alt eg veit. Uansett, hittil har det jo ikkje vært noko problem, det er berre spekulasjonar basert på påfallande likheitstrekk i mange nye brukarprofilar.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg såg tilfeldigvis på portrettsafari-sida, og det slo meg at veldig mange av dei nyaste registrerte brukarane har veldig like profilbilete. Er det ei skuleklasse eller ein vennegjeng, undra eg på, og klikka inn på nokre av profilane.

Fellestrekket, utanom likskapen i profilbilete, er at ingen har registrert nokon bøker og at alle har lagt inn ei lenke til diverse polske nettsider. Enkelte av desse virker å vere til diverse internett-kasino. Det får meg til å lure på om desse nyregistreringane er reelle bokelskarar, eller om dette er ei form for reklameverksemd.

Skulle det vere det siste, så er det jo på ingen måte plagsomt, og eg er ikkje ute etter å klage på nokon. Grunnen til at eg tek opp dette er at eg ikkje klarer å forstå kva som kan vere motivasjonen for å spreie desse nett-adressene på ei side som dette. Kan det vere slik at den eller dei som lagar desse profilane t.d. får ein provisjon for antal klikk på ein adresse? Korleis klarer brukaren i såfall å bli kreditert for dette? Eller er det ein annan motivasjon som ligg bak? Blir t.d. "verdien" av ein nett-adresse vurdert etter kor mange lenker som peiker til den?

Ja ja, det er mykje eg ikkje forstår.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Eg ser jo frå denne diskusjonstråden frå i fjor at det var eit lite knippe bokelskarar som var med på NaNoWriMo i 2013. Korleis gjekk det? Enkelte nådde jo målet, men kva skjedde vidare?

Sjølv greier eg ikkje å forestille meg korleis eg kan finne tid til å skrive så mykje i løpet av ein månad. Men det er ein artig tanke.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

pip ...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

På ingen måte nokon kunstkjennar, men eg let meg lett begeistre. Eg har også tenkt på at Dali må ha henta noko inspirasjon frå dette biletet. Eg fekk tid til å stikke innom Prado-museet under ei jobb-reise til Madrid tidlegare i år, og eg hadde ei andaktsfull stund foran dette kunstverket. Der var også fleire andre flotte maleri av Bosch, men ingen som kjem nær Lystenes hage i detaljrikdom og, kva skal ein kalle det for, fantasi-utfolding.

Narrenes skip var ukjent for meg, takk for den, Måtte slå opp på wikipedia. Det ser ut for at det er eit motiv som gjeng att i mange kunstartar. Ikkje minst merkar eg meg at det er heile 18 populærmusikk-sangar med tittelen Ship of fools frå 1970 og fram til i dag.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Spot on, det er frå Lystenes hage. Eg er heilt forgapt i dette maleriet, med alle dei bisarre påfunna (eg ville tru ein kunne bli brent på bålet for mindre) og dei futuristiske detaljane. For meg framstend det som utruleg at dette er mala for over 500 år sidan. Helten min er heilt til høgre i helvetes-biletet, klin inntil rama. Sjekk høgoppløysings-biletet, eg har sikkert sett på det 100 gangar, men oppdagar stadig nye ting.

Godt sagt! (11) Varsle Svar

Eg hadde tenkt å starte ein tråd om profilbilete, spesielt om kvifor de (vi) som ikkje har portrettbilete eller kjæledyr-bilete har valgt akkurat DET motivet/ikonet/maleriet/etc. Men så oppdaga eg ved eit kjapt søk i diskusjonstrådar at dette temaet har vært omhandla før, spesielt i denne 2 år gamle tråden som eg svarar på no, men også i denne 4 år gamle tråden (dog med ein litt annan innfallsvinkel) samt i andre, kortare trådar. Derfor vel eg heller å løfte fram att denne tråden i staden for å starte ein ny.

Mitt eige profilbilete er henta frå eit maleri frå omlag år 1500, og viser ei stakars sjel som gjeng på skeiser (skøyter, seier vel dei fleste) i Helvete. For det første er det artig å fundere på om "when Hell freezes over" også var eit begrep på denne tida. For det andre ser eg på det som ein inspirerende tanke at ein kan ha det moro med tilsynelatande umoglege aktivitetar sjølv i ein håplaus situasjon. Skeiselauparen er ein bitteliten detalj frå eit stort, detaljrikt og fascinerende maleri. Er det nokon som ser kva for eit?

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Ha ha, no er eg litt lei meg for at eg kan gi berre ei enkelt stjerne til denne kommentaren. Eg lo så eg nesten trilla ut av stolen.

Hittil har den ikkje lest nokon bøker, men eg har avverga eit par forsøk på å ete dei,

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Dette er bok nr. 2 i ein trilogi om politietterforskaren Jeanette Kihlberg, som etterforskar ein serie ufyselege drap i Stockholms-området. Historia dreier seg ikkje berre om kva som skjer i sjølve drapsetterforskinga, men også om kva som skjer inne i hovudet til ein eller fleire av personane i historia. Det er ikkje alltid lett å vite kva som er røyndom , og kva som berre er fantasiar og oppspinn (i boka altså, i røyndoms-røynda er sjølvsagt alt berre oppspinn).

Overgrep mot barn er eit sentralt tema i boka. Det er ganske fortvilande å lese om så mange grove overgrepshistorier sjølv om dei er oppdikta. Heldigvis held forfattarane litt attende i detaljerte skildringar, men det er likevel sterk og kvalmande kost.

Eg fekk i for stor grad kjensla av at denne boka berre er ein transportetappe fram mot den siste og forhåpentligvis oppklarande boka i serien. Dei «halsbrekkende vendingane» som det blir lova på bokomslaga er det svært få av, om i det heile nokon, i staden er det for mykje av det same. Mange offer-historier som er svært like, og utanom dette er der også mange like hendingar undervegs.

Terningkast 3 er kanskje litt strengt, boka er ikkje dårleg, men eg hadde vona på meir. I omtalen min av Kråkejenta skreiv et at eg kom til å lese dei øvrige bøkene dersom eg kunne finne dei til nedsatt pris. Hungerilden fann eg på sal til kr 50,-. Eg drøyer nok med den avsluttande boka til eg finn den til ein liknande pris.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Tittelen på boka kunne like gjerne vært Eugène de Rastignac, då det er han som egentlig er hovudpersonen i historia. Den unge og ærgjerrige Rastignac flyttar i 1819 frå provinsen til Paris for å studere, men hovudmålet hans er ikkje utdanninga men heller å skaffe seg innpass i sosietetslivet i byen.

Rastignac bur i eit pensjonat saman med eit knippe andre fargerike mennseke, i alle aldersgrupper og med ulik bakgrunn. Der er mange fornøyelige skildringar av både livet på pensjonatet, av Rastignac sine eskapader for å få ein fot innanfor hjå dei rike og glamorøse, og av dei overfladiske og til dels ondsinna rikfolka. To av desse som er rike, men fattige i ånda, er døtrene til Goriot. Far Goriot var tidlegare ein velståande forretningsmann, men lever no i enkle kår på pensjonatet saman med Rastignac, medan døtrene gjer sitt ytterste for å skvise dei siste restane av formua ut av han.

Det var overraskande lett å trekke parallellar frå denne historia og til dagens samfunn. Det latterlige i å jage etter statussymbol blir framifrå skildra av Balzac, og det er ikkje til å kome bort ifrå at statusjag på bekostning av andre også er brennaktuelt i vår tid. Også tematikken med korleis foreldre kan finne på å skjemme bort ungane sine er relevant, sjølv om ein sjelden ser slike ekstreme tilfeller som Goriot og døtrene.

Eg las denne boka saman med deltakarane i kjell k sin lesesirkel. Det er artig å dele tankar og observasjonar med andre undervegs, og det fører nok til at bøkene ein les på denne måten sit ekstra godt i minnet etterpå.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Så flott! Adventspresang då, altså.

Sjølv koser vi oss glugg ihjel med vår eigen kvalp + kattunge. Driv forresten og trener den til å bli kamphund .... ikkje ein slik hund som slåss altså, men ein hund som liker å bli med for å sjå på fotballkamp.
skriv bildebeskrivelse her

Godt sagt! (5) Varsle Svar

"... Jeg tror helt enkelt at vi henger igjen i middelalderen."
"Middelalderen?"
"Ja, nettopp. Kjenner du til begrepet bruderov?"
Victoria rister på hodet.
"I middelalderen kunne en mann tvinge fram et ekteskap ved å bortføre og forgripe seg seksuelt på en kvinne. Gjennom å bli seksuelt utnyttet, ble hun tvunget til å gifte seg med mannen, og samtidig fikk mannen eiendomsrett til hennes eiendom."
"Ja vel, og så da?"
"Det handler om eiendom og avhengighet", sier han. "Opprinnelig ble ikke voldtekt sett på som en personlig krenkelse av den kvinnen som ble utsatt, men som et brudd på eiendomsloven. Voldtektslovene kom for å beskytte mennenes rett på verdifull seksuell eiensom, enten gjennom å gifte bort kvinnen eller å bruke henne for egen del. Siden en slik forbrytelse gjaldt mannens lovlige rett, var ikke engang kvinnen en part i saken. Hun var ene og alene en eiendel i et oppgjør mellom menn. Når det gjelder voldtektshandlinger, er det fortsatt myter med spor etter middelalderens kvinnesyn. Hun kunne ha sagt nei, eller sa nei, men mente ja. Hun var så utfordrende kledd. Hun ville bare hevne seg på mannen."

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Slå og stryke om hverandre. Først beskytte og så ødelegge, tenker Victoria. Det er han som har lært meg det.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

"Panserhjerte" er i følge omslaget på boka, og ei skildring inne i den, ein tilstand der bringa er så hardt samanklemt av eit snøras at ein ikkje kan nytte lungene. Wikipedia har ei litt anna forklaring på begrepet, eg har ikkje nok kunskap om medisin til å meine noko om korvidt snøras-situasjonen dekkast av dette.

Torturinstrumentet på omslagsbiletet blei omtalt som "Leopolds eple" i boka. Eg er usikker på korvidt begrepet "panserhjerte" også blei nytta om torturinstrumetet. Nesbø forklarer i dette intervjuet at Leopolds eple er eit produkt av hans eigen fantasi.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Et mord i Kongo er forteljinga om drapssaka der nordmennene Tjostolv Moland og Joshua French blei funne skuldige i dei kongolesiske domsstolane.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Wikipedia har ei liste over vinnarane av nobelprisen i litteratur, og med utdrag frå akademiet sin grunngjeving. Av grunngjevingane gjeng det oftast fram at det er heile forfattarskapen som er grunnlaget for tildelinga. Men der er enkelte unntak der ei enkelt bok blir framheva, som Markens Grøde for Knut Hamsun og Buddenbrooks for Thomas Mann. Det nyaste eksemplet for at ei enkelt bok blir trekt fram, sjølv som eksempel, ser ut for å vere Den gamle mannen og havet av Ernest Hemingway ved tildelinga i 1954.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Rosa uniform er kanskje ikkje heilt min greie. Men eg kunne jo alltids ha satsa på ei flaske rosé-vin i løpet av månaden. Men for at det skal gagne brystkreft-saka så tok eg like godt, inspirert av innlegget ditt, og donerte pengar for eit par slike flasker til brystkreftforeninga. Dei finn sikkert på å bruke dei til noko meir fornuftig enn vin.

Ang lesehelga; eg blir truleg ferdig med Hungerilden av Eriksson og Sundquist i kveld. Så er eg usikker på kva som blir neste bok, men det blir anten Rebecca av Daphne du Maurier, Historien om Pi av Yann Martel ,eller noko brasiliansk som t.d. denne. Kjekt å ha så mange gode bøker ståande ulest i bokhylla.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Flott prosess med nominering og valg, som vanleg.

Eg er litt i tvil om eg blir med på denne boka. Terskelen min for å lese opp att ei bok er ganske høg, men det er trass alt over 26 år sidan eg las den så det er jo på ein måte på sin plass å gjere det. Vi får sjå. Det er vel dette som kallast "å vere i tenkeboksen".

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

RufsetufsaInge KnoffAkima MontgomeryJane Foss HaugenJulie StensethSigrid NygaardHarald AndersenBjørg L.Synnøve H HoelHarald KAgneslillianerKarin BergIngunn STom-Erik FallaSigrid Blytt TøsdalGroMads Leonard HolvikKirsten Lundmay britt FagertveitNorahMcHempettEvaStig TThereseMarit HeimstadLailaHannesomniferumTonje-Elisabeth StørkersenTralteEgil StangelandHelge-Mikal HartvedtINA TORNESsvarteperLilleviTine SundalPiippokattaHilde Merete GjessingStine Sevilhaug