Hva er det? sa mannen.
Ingenting.
Si det.
Det kan hende det finnes folk i live et annet sted.
Hvor da?
Vet ikke. Hvor som helst.
Et annet sted enn jorden mener du?
Ja.
Det tviler jeg på. Mennesker kan ikke leve andre steder.
Ikke engang om de kom seg dit?
Nei.
Gutten så bort.
Hva er det? sa mannen.
Han ristet på hodet. Jeg skjønner ikke hva vi driver med, sa han.
Frodige drømmer nå som han motvillig våknet fra. Ting verden ikke lenger kjente til. Kulden tvang ham opp for å nøre bålet. Erindringen om henne på vei over plenen mot huset tidlig på morgenen i en tynn rosa nattkjole som klebet seg til brystene hennes. Han tenkte at ethvert gjenkalt minne gjorde en eller annen form for skade på sitt opphav. Som i en selskapslek. Ta det ord og la det vandre. Så ikke overdriv. Det som endres under gjenkallelsen har også en annen virkelighet, kjent eller ei.
Eit knyttneveslag av ei bok. Det har skjedd ei katastrofe av apokalyptiske dimensjonar for om lag 10 år sidan, jorda er herja av brannar som enno rasar, og atmosfæra er så tjukk av røyk at ein berre kan ane sola om dagane og nettene er beksvarte. Naturleg nok har alt plante- og dyreliv gått dukken.
Under desse tilhøva, som til forveksling liknar på ei framstilling av helvete, er ein far og sonen hans på veg sørover, truleg i det austlege USA, for å sleppe unna dei kalde vintrane i nord. Sonen kom til verda omlag samstundes med at katastrofa skjedde. Kampen for å overleve handlar både om å finne og frakte med seg matvarer, og å unngå kontakt med andre overlevande. Alle samfunnstrukturar har nemleg brutt fullstendig saman, og det utviklar seg subkulturar mellom dei overlevande der det mildt sagt er barbari som råder.
Ingenting av dette blir eksplisitt forklart i historia, men kjem litt etter litt fram av handlinga. «Underforklart» er vel eit begrep for dette, og det kler boka godt. Det er sjølvsagt ei vond forteljing om det å overleve i eit helvetes-liknande miljø, men også ei varm skildring av tilhøvet mellom far og son. Det som gjorde mest inntrykk på meg var likevel den presise analysen av korleis alt vi kjenner som «samfunn» gjeng til grunne etter berre nokre få år. Gjennom dialogen i boka blir det sonen, som aldri har kjent til ei anna verd enn den etter katastrofen, som får fram dette klarast når han spør ut faren om korleis ting var tidlegare.
Terningkast 6 sit vanlegvis langt inne hjå meg, men denne gangen var eg aldri i tvil. Denne boka greip fatt i meg frå første side, og heldt meg i eit jarngrep til siste setning. McCarthy har blitt nevnt som kandidat til nobelpris i litteratur. Eg har ikkje lest andre bøker av han enn dette, men basert på denne eine er eg ikkje overraska over at nokon tenker i slike baner.
Den namnlause hovudpersonen er ei ung og nærmast naiv jente som tener for ei amerikansk rik dame under eit opphald i Monte Carlo. Her møter ho den rike og mystiske Maxim de Winter, og trass i ein aldersfoskjel på rundt 20 år blir dei forelska i einannan, gifter seg, og flytter attende til Manderley, det engelske godset til de Winter.
Den førre kona til de Winter, Rebecca, døde eit knapt år tidlegare, og hovudpersonen slit med å finne rolla si som frue på godset, og kjenner både på sjalusi og eit visst mindreverdskompleks i høve til den avlidne Rebecca. I tillegg er omstenda rundt Rebecca sitt dødsfall uklare.
Boka er tidvis godt skrive, åpningskapittelet er noko av det betre eg har lest. Men der er også sekvensar der forteljinga, og kanksje særleg dialogen, blir litt for platt og klisjeaktig. Den beste delen av skrivestilen er kanskje korleis du Maurier manar fram ei uhyggekjensle hjå lesaren sjølv der hendingane i seg sjølv ikkje treng å vere spesielt skræmande.
Det er lett å forstå at dette vart ein bestselgar då den kom ut rett før 2. verdskrigen. Eg vil ikkje ta på meg å vurdere om suksessen hadde vært like stor dersom den kom ut i dag, men eg kan stadfeste at boka absolutt er leseverdig.
Nei, eg har aldri skrive i ei bok, og det er egentlig berre toskeskap å ikkje gjere det. Mange gangar ville eg hatt nytte av å notere ting eg tenker undervegs medan eg les bøker, men hemninga mot å "øydelegge" bøkene er for djupt rotfesta. Det kan tenkast at eg kjem til å starte med å notere ein gang i framtida, men tanken må nok få modne ei stund til.
Vis meg vedskjulet dit og eg kan seie deg kven du er ....
Mitt eige vedskjul har vært på planleggingsstadiet dei siste 12 åra, slik er det forresten med mange ting. Men eg har ein greie med å samle på ølbokser, ikkje ulikt flaskesamlinga på biletet, men gøymt bort i eit ukjent antal pappkasser på loft og i boder. Skulle eg finne på å tilpasse vedskjulet til ølbokssamlinga kan det fort bli ganske stort. Altså trengs det meir planlegging.
Frå bokssamling til boksamling: eg har Nordaustpassasjen ulest i bokhylla, den kjem på leseplanen i løpet av det neste halvåret. Håper boka er leseverdig også utanom passasjen om akevitt-hypen, eg har sett litt blanda tilbakemeldingar her på desse sidene.
Skal på varetelling med eit jentelag på søndag morgon, og i så måte burde eg kanskje styrka kunnskapane mine om temaet ved å lese opp att Erlend Loe sin bok med denne tittelen. Men ved nærmare ettertanke er det kanskje like greit å la vere.
Starta på Isslottet av Tarjei Vesaas i går, det blir nattbord-bok. Første boka eg les av Vesaas, så det er på tide.
Så kjem eg til å starte på ei brasiliansk bok, A morte e a morte de Quincas Berro Dágua (Dødsfallet og dødsfallet til Quincas Vassbrøl) av Jorge Amado. Ikkje Amado sin mest kjende, men eg trur det kan bli triveleg likevel.
Skulle det bli høve til å høyre på lydbok så har eg framleis Edgar Rice Burroughs sin A Princess of Mars på mobilen.
God helg!
Frå det nye profilbiletet så ser det ut for at du meinte alvor med kommentaren i ein annan tråd om å montere leselampe over do. Gliste godt då eg såg biletet.
Ardbeg er gode saker, dei andre to kan eg ikkje hugse men dei er sikkert minst like bra. Men eg vonar at ikkje kveldslektyra blir så intens at ein ender opp i kneståande under leselampa. Lykke til, og god helg.
Det ser ut for at desse underlege brukarprofilane no er borte frå portrettsafari-sida. Er det inngripen frå admin, tru? Men det ser framleis ut som om at det blir oppretta opptil fleire brukarar pr dag, utan profilbilete, og som ser ut til å ha som einaste formål å lenke til polske internett-sider.
Godklump dette, ja.
Det blir nok folk av desse rampungane også.
Sjølv har eg vært engasjert i barne- og ungdomsfotball og skulekorps dei siste 8 åra, og dermed hatt ein god del nærkontakt med krapyl utover mine eigne. Og det har utelukkende vært ei oppløftende og givande erfaring. Eg vil påstå at ungdomen no til dags er både flinkare og høflegare enn det eg og min omgangskrets var då vi var på same alder. For ikkje å snakke om kor flinke dei er til å lese!
Så eg ser stort sett optimistisk på framtida.
"All right, men ikke la det skje en gang til," sa jeg.
"Nei, frue," sa hun. Hun gikk ut av værelset og tok blomstene med seg. Jeg hadde ikke trodd det var så lett å være streng. Tro hvorfor jeg hadde syntes det var så vanskelig før?
Jeg følge plutselig at jeg skalv, som om en eller annen hadde åpnet døren bak meg, så det trakk. Jeg satt i Rebeccas stol, jeg lente meg mot Rebeccas puter, og hunden som hadde lagt hodet sitt på kneet mitt, hadde gjort det fordi den var vant til det fra gamle dager, når hun gav den sukker.
Men før jeg fikk snakket ut, ble jeg avbrutt av fru Van Hopper.
"Hun er bortskjemt, hr. de Winter, det er det som er feilen. De fleste unge piker ville ofre begge sine øyne for å se Monte."
"Ville ikke det i høy grad virke mot hensikten?" sa han med et smil.
God helg, ja. Er inne i ei særs hektisk periode på jobb, så det smakar ekstra godt med helg no. I alle fall den delen av helga eg ikkje skal jobbe.
Eg har nyleg starta på Sirkelens ende av Tom Egeland, satsar på å kome meg igjennom alle Beltø-bøkene sånn pø om pø i løpet av det komande året. Liker å lese variert, så eg porsjonerer "like" bøker utover i tid.
Så har eg A princess of Mars av Edgar Rice Buroughs som lydbok. Kjempeartig med 100 år gamal fantasy-forteljing.
Bart?
Tja, skal vurdere det. Men egentilg burde ting vært gjort i omvendt rekkefølge; movtober med bart, og rosa sløyfe i november. Då kunne eg ha anlagt ein fin liten snurrebart til å knyte rosa sløyfer i månaden etter.
Las nyleg Veien av Cormac McCarthy. Det var eit høgdepunkt hittil i haust, gjorde djupt inntrykk. Så har eg ikkje lest nokon bøker som eg meiner har vært direkte dårlege, men skal eg plukke ut den eg likte minst så blir det nok Ari Behn sin Trist som faen. Men den var heldigvis kort, lest på ein knapp time.
God helg, ja. Fryktelig travelt på jobb for tida, så det har blitt lite lesing. Slik ser det ut til å bli dei neste 3 vekene også. Også på helg er det mykje som skjer. Dermed er det famleis Rebecca eg har med meg til sengs om kveldane, Men eg er ganske sikker på at eg blir ferdig med henne i helga. Har ikkje heilt bestemt meg for kva som blir neste bok enno, men Veien av Cormac McCarthy stend høgt oppe på liista.
Det var verdt å fikse på. Er ikkje spesielt flink til å sy, og har ikkje lest noko av Dickens, trur eg, men det var artige nåleputer.
Eg starta på Rebecca av Daphne du Maurier førre helg. Har ikkje kome så langt enno, ikkje fordi boka er dårleg (for det er den ikkje, den har tvert imot vært veldig bra så langt), men fordi det har vært ei veldig travel veke. Håper det blir tid til eit stort jafs av boka no i helga, og at eg neste helg kan fortelje at eg er i gang med ei anna bok.