Når dei ringer frå Norsk Tipping for å fortelje at du har vunne 7,4 millionar, og du bli irritert fordi dei uroar midt i ei bok ....
Hadde vært moro å teste denne hypotesen i morgon

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Kom nettopp heim frå jobbreise, og oppdaga at det vart ny valomgang. Artig at det er så jevnt.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Ynskjelista er lang, ja. Eg trur ikkje det skulle ta meg så lang tid å ramse opp nokre hundre bøker eg ynskjer å lese. Men eg synest det er betre å ha dei ulest på ynskjelista enn ulest i bokhylla. Når ynskjet har materialisert seg i form av papir og trykksverte er det straks tyngre å vente på å ta fatt. Derfor.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg trudde at eg visste nokonlunde frå før korleis historia gjeng då eg starta på denne boka. Men sjølv om ein del element av handlinga var slik som eg venta, var dei likevel proporsjonert langt annleis enn eg såg for meg.

Ungjentene Siss og Unn blir venar. Siss er ein leiartype i kameratflokken, medan Unn er nyinnflytta i bygda og vel å halde seg litt utanfor felleskapet. Likevel finn dei saman, og knyter eit forunderleg band mellom seg basert på usagde løyndomar. Når Unn forsvinn og det blir satt i gang leiteaksjon etter ho, forsvinn også Siss inn i seg sjølv. Den kanskje sterkaste delen av boka, ved sidan av språket og naturskildringane, er korleis Siss kjempar for å vere trugen mot Unn og løyndomen ho sjølv ikkje veit kva er. Det virker som ho ikkje forstår sjølv kor hardt ho sørger over tapet av veninna.

Det er mykje som er usagt, eller berre hinta om, i boka. Som regel likar eg dette, men denne gangen kjende eg i for stor grad at eg ikkje hang med. Kva var eigentleg den farlege løyndomen som Unn aldri fortalte om, og kor viktig er det å forstå dette for å skjøne resten av teksta? Så tek eg det for sjølvsagt at isslottet i tillegg til å vere eit fysisk naturfenomen som er sentralt i handlinga også er ein metafor for sinnstilstanden til Siss. Men var også omstenda rundt Unn sin forsvinning ein metafor? Og ein del av dei andre skildringane, t.d. fuglen som tek tilhald ved isslottet, kva er det Vesaas vil fortelje her?

Eg tek det som teikn på at det er ei god bok når eg undrar med over slike ting i mange dagar etter eg er ferdig å lese den. Men sidan all undringa gjekk utover flyten i historia blei det ikkje topp terningkast frå meg. Likevel, på ingen måte nokon dårleg leseoppleving, og eg kjem til å gi meg i kast med Fuglane av same fortattar i løpet av ikkje alt for mange månadar.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Men Halvdan Sivertsen greier det nok ....
"Æ hadde ti tusen tommeltotta ..."

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Nja, det handlar meir om at eg synest det er så fælt å vente så lenge på å lese dei bøkene eg har. Mett av livet veit eg ikkje, men romsleg om livet kan eg skrive under på at eg er.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Eg forstår jo at ha stakkarslege 38 bøker på vent kan framstå som eit luksusproblem (og "problem" er jo heilt feil, dette er jo tvert imot hyggestunder eg gleder med til å take fatt på). Men eg tenker at dersom eg ikkje tek tak no, så kan det fort balle på seg. Ynskje-situasjonen min er å ikkje ha fleire bøker på vent enn at eg kan telje dei på ei hand. Kanskje kjem eg dit om eit års tid?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Med vi står fell snøen tettare.
Kåpearmen din blir kvit.
Kåpearmen min blir kvit.
Dei går mellom oss som
nedsnødde bruer.

Men nedsnødde bruer er frosne.
Inni her er det levande varmt.
Varm under snøen er armen din ei
sæl vekt på min.

Det snør og snør
på stille bruer.
Bruer ingen veit om.

Godt sagt! (9) Varsle Svar

-- ... Eg ser på deg at du veit noko. Kva sa Unn?
-- Det kan eg ikkje seia.
-- Kvifor det?
-- Fordi det ikkje var slik, ho sa det ikkje!

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Cannery Row i Monterey, California, er et dikt, en stank, en skjærende lyd, en form for lys, en tone, en vane, et minne, en drøm. Cannery Row er det samlede og spredte, blikk og jern, rust og splintret treverk, sprukne fortau og ugressbevokste tomter og søppelhauger, hermetikkfabrikker av bølgeblikk, dansebuler, restauranter og horehus, og små, overfylte kolonialforretninger, laboratorier og losjihus. Innbyggerne er som en mann engang sa, "horer, halliker, spillere og slusker", og med det mente han Alle. Hadde han sett gjennom et annet kikkhull, kunne han ha sagt, "helgener og engler og martyrer og hellige menn", og han ville ha ment nøyaktig det samme,

Late menn og muntre piker (bedre kjend som berre "Cannery Row") av John Steinbeck.
Nostalgi og romantisering av slitne bydelar blir ikkje mykje betre enn dette.

Godt sagt! (11) Varsle Svar

Bjørn Beltø er ein ung arkeolog som har fått i oppgåve å vere kontrollør under ei internasjonal utgraving ved Værne kloster i Østfold. Det blir gjort eit funn av eit skrin, og den engelske leiaren for utgravinga stikk av med skrinet på ureglementert vis. Beltø blir indignert over dette, og greier å skaffe skrinet tilbake og å gøyme det unna medan han prøver å finne ut av kvifor det etter kvart er så mange som er så ivrige etter å få tak i skrinet, og kvifor norske myndigheiter ikkje vil gripe inn for å sikre at skrinet blir i Norge.

Beltø er ein sympatisk helt. Sympatisk i den forstand at han har skavankar av ulikt slag og som det derfor er lett for den jevne lesar, som statistisk sett ikkje er lytefri, å identifisere seg med. Som albino stikk han seg reint fysisk ut frå mengda, og han har også vært innlagt med psykiske plager. Langt frå nokon James Bond, altså. Men ein ting har han til felles med agent 007, dei køyrer begge 2CV (sjølv om det for Bond sin del kun var i eit nødsfall og i ein enkelt film).

Eg leste på førehand at det skulle vere mange likskapar mellom denne boka og den noko meir kjende Da Vinci-koden av Dan Brown. Det var lenge uklart for meg korleis nokon kunne tenke i desse baner, sjølv om det blei tydelegare mot slutten av boka. Likevel meiner eg bøkene er så ulike at alle påstandar om at Brown skulle ha plagiert Egeland er urimelege.

Når eg ikkje trillar høgare terningkast enn 4 så er det mest fordi ting blir forklart litt for omstendeleg i boka. Egeland har ein tendens til å la Beltø spørje opp att og opp att om dei same tinga, som for liksom å vere heilt sikker på at lesaren får med seg kva han vil få fram. Beltø framstend også til tider som litt for pubertalt obsternasig etter min smak, sjølv om han som nevnt er ein sympatisk type. Men boka er likevel bra den. Eg hadde bestemt meg for å lese igjennom alle Beltø-bøkene eg ikkje har lest hittil (hadde lest berre Nostradamus Testamente frå før) i løpet av dei nærmaste månadane, og har ikkje endra meining etter å ha lest denne.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Og overalt: kvinner og menn lukket inne i sine egne verdener av sære spesialiteter og fagområder, mennesker hvis identitet er å være verdens ledende ekspert på de mest obskure emner - sumeriske kileskrifttavler, Pentatevkens egentlige forfattere, tolkning av gammel-babylonske myter og egyptiske dødsriters påvirkning av førkristne dogmer. Rundt om i denne eter av kunnskap vandrer jeg som en forvirret liten skolegutt som ikke riktig vet hvor han skal gjøre av seg. Jeg er ikke ekspert på noe som helst. Og mistrøstig begynner jeg å undre meg over vår grenseløse higen etter kunnskap om det forgangne. Jeg er med ett arkeologen som spør hvorfor vi trenger å vite så mye om fortiden, når det er så mye vi ikke vet om verden av i dag.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

"Hva slags bibliotek er dette?" spør jeg.
"Mest faglitteratur. Historie. Teologi. Filosofi. Arkeologi. Kulturhistorie. Matematikk. Fysikk. Kjemi. Astronomi. Sosiologi. Geografi. Antropologi. Arkitektur. Biografier. Og så videre ..."
"Ah," sier jeg, "tilværelsens trivialiteter."

Godt sagt! (3) Varsle Svar

For dei tre førre verdslitteratur-bøkene (to eldre og ein nyare) har vi holdt oss innanfor eit avgrensa geografisk og kulturelt område. England, Russland og Frankrike, historisk sett europeiske stormakter både politisk og kulturelt, og med rike litterære tradisjonar. Slik sett er det jo ikkje ulogisk at ein ofte landar på bøker frå desse landa.

Denne gangen ynskjer eg at vi løfter blikket utanfor Europa, og gjerne utanfor den vestlege kultursfæren om ein kan nytte eit slikt generaliserande uttrykk. Derfor foreslår eg ei bok frå ein nigeriansk forfattar. Den forholdsvis unge Chimamanda Adichie har fått mykje ros for bøkene sine. En halv gul sol handlar etter det eg forstår om Biafra-krigen på slutten av 1960-talet, eller at den i det minste er eit bakteppe for handlinga. Dermed venter eg at ein, i tillegg til å bli kjend med ein afrikansk forfattar, også kan lære litt om dei politiske tilhøva i Nigeria.

Nemnde eg at bøkene blir omtala som velskrivne? Eg gjorde det visst nett no.
Jepp. En halv gul sol er mitt forslag.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Har vært på reiser nesten heile veka, derfor har eg ikkje kome så langt i den brasiliansk boka A morte e a morte de Quincas Berro Dágua (Dødsfallet og dødsfallet til Quincas Vassbrøl) av Jorge Amado. Eg må nemlig ha PC-ordboka for handa når eg les denne, så det gjer eg best i godstolen i stova. Blir nok ei råd denne helga.

Tok med Isslottet på reisene, blei ferdig med den natt til fredag, og er no i gang med Late menn og muntre piker, meir kjend som "Cannery Row", av John Steinbeck. Knakande bra så langt, dette blir nattbord-boka i helga.

A Princess of Mars av Edgar Rice Burroughs høyrer eg på mobilen når eg køyrer bil aleine. Usikkert om det blir aktuelt i helga, men boka er uansett alltid berre eit par klikk unna. Godt å vite.

Vonar de også har ei god helg rundt omkring.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Eg synset ikkje det er rart, men heller ikkje heilt lett å setje ord på.

Har vært ganske disiplinert sjølv dei siste månadane. Stabelen med uleste bøker minker, men den har enno ikkje kome ned på det nivået eg ynskjer. Derfor held eg meg steinhard når det gjeld å oppsøke sal og tilbod på bøker.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Dei siste tre åra har eg vært inne i eit lesekick, og les dagleg. Utan unntak. Før dette las eg forholdsvis sjelden, då var det kanskje korte perioder der eg pløygde igjennom nokre bøker og så var det slutt.

Eg trur nok at det å delta på bokelskere (har vært med i ca 2 år) har medvirka til at eg les såpass flittig og over såpass lang tid. Men eg reiknar med at eg før eller seinare kjem til å gå litt lei og finne på noko anna ei stund.

Håper det ikkje gjeng så lenge før du finn att leselysta.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ei kort og grei samling av korte og stort sett greie noveller. Eg ser i andre omtaler at enkelte meiner at eit par av novellene er av vesentleg betre kvalitet enn dei andre, men det blei ikkje klart for meg undervegs kva for nokre dette skulle vere. For meg virka nivået å vere stort sett jevnt.

Det er som nevnt stutte historier som blir servert, situasjonane og persongalleriet blir kortfatta presentert, om lag som i eit tablå, og historiene har oftast underfundige poeng og unntaksvis også rom for fleire tolkingar. Ein fellesnemnar for dei fleste av stubbane er at hovudpersonen ikkje heilt passar inn, eller er framandgjord på ein eller annan måte.

Er det ein underliggange moral eller bodskap i samlinga? Kanskje, men eg har vondt for å få auge på den. For meg verkar dette å vere ei fingerøving i sjangeren, eit første steg på vegen til ei litterær karriere. Det er inga dårleg bok, men heller ikkje meir enn middels bra etter mitt syn. Likevel fekk boka stor merksemd då den kom ut, kan hende traff den eit kvart i tida, eller så har den kvalitetar som eg ikkje fekk med meg.

Tida det tok meg å lese denne samsvarar med tida det tek for SAS frå å taxe ut frå gaten på Gardermoen og til å lande i Kristiansund. For den som ikkje måtte like boka er det såleis i liten grad bortkasta tid å bla igjennom den. Og for dei som, som meg, liker den middels bra, er den kort nok til at ein ikkje gjeng lei.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

På vei inn til stadion ble to av gutta arrestert, fordi de trodde engelske jenter lar seg imponere av norske karer som knuser flasker mot panna.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

"Brukte du dynamitt for å sprenge deg plass i hagen?" spurte jeg.
"Nei," svarte han. "Jeg brukte spade og spett. Det er bare guttunger som bruker dynamitt."

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Synnøve H HoelHarald KAgneslillianerKarin BergIngunn STom-Erik FallaSigrid Blytt TøsdalGroMads Leonard HolvikKirsten Lundmay britt FagertveitJulie StensethNorahMcHempettEvaStig TThereseMarit HeimstadLailaHannesomniferumTonje-Elisabeth StørkersenTralteEgil StangelandHelge-Mikal HartvedtINA TORNESsvarteperLilleviTine SundalPiippokattaHilde Merete GjessingStine SevilhaugLinda NyrudSolveiganniken sandvikAlexandra Maria Gressum-KemppiJarmo LarsennefertitiVibeke