"... Only in the last extremity of self-defense would a Martian warrior kill a prisoner; we like to save them for other purposes," and his face bespoke possibilities that were not pleasant to dwell upon.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Høveleg bra bok i starten, blei betre og betre etter kvart, og poenget som kom mot slutten var bortimot genialt, om enn litt overforklart.

Pi er ein 16 år gamal tamilsk gut frå India, med ei i utgangspunktet original historie; oppkalla etter eit symjebasseng i Paris (Piscine Molitor), trippeltruande (hindu, muslim og kristen) og oppvaksen med familiebedrifta, ein dyrehage. Men dette er berre småtteri mot dei tinga som skjer etter at båten som skal frakte familien og deler av dyrehagen til Canada forliser og Pi havnar i ein livbåt saman med ein sebra, ein orangutang, ei hyene og ein tiger.

Hovuddelen av boka handlar om kva som skjer i livbåten. På den eine sida er det ei nøktern framstilling av kva som må til for logisk sett å kunne overleve i den situasjonen Pi havnar i. På den andre sida er enkelte hendingar etter kvart såpass surrealistiske at det er vondt å avgjere om det verkeleg har hendt eller om det er halusinasjonar frå Pi sin side. Eg spekulerer også på om forteljinga, eller element av den, skal vere ein metafor for noko anna, og det er sikkert mogeleg å trekke parallellar mellom hendingar i livbåten og religiøse eller politiske tilhøve i verda. Men sluttpoenget i boka overtydde meg om at slike eventuelle parallellar ikkje var det vesentlegaste ved boka.

Enkelte stadar, miljø og hendingar er skildra med stor detaljrikdom, og med typer informasjon som eg aldri ville ha tenkt på at nokon kunne vite. Eg greip meg ofte i å spekulere på om dette er tufta på Martel sine eigne erfaringar (og i såfall har han erfaringar eg kanskje helst ikkje vil vite meir om), om det er tufta på informasjon han har fått frå anna hald, eller om det berre er fri diktning. Uasett, dette var med på å løfte forteljinga.

God bok, eg er glad for at eg las den.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

For øvrig ble jeg ganske glad i haier etter hvert. De var som grinete gamle venner som aldri ville innrømme at de likte meg, men likevel stakk innom hele tiden.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Jeg hadde aldri sett ekte, levende amerikanere før. De var lyserøde, tykke, vennlige, meget kompetente og svettet voldsomt.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Nei, dessverre (dersom ein ikkje reiknar med det svenske krimforfattar-paret, då). Litterarurtilfanget til særoppgåva mi på 80-talet var Grimberg sin verdshistorie, Kosmos av Carl Sagan (det er sikkert mange som hugsar TV-serien) og diverse leksika og andre oppslagsverk.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Denne helga blir prega av fotball. Men det blir heilt sikkert tid til litt lesing også. Er nyleg ferdig med eit par-tre bøker eg har lest parallelt, så no gjeng eg i djupe tankar om kva som skal bli neste bok. Moment å legge vekt på (ikkje prioritert rekkefølge);
- Kva bøker har stått lengst på vent?
- Kva har eg mest lyst til å starte på?
- Kva for ei liknar minst på dei siste 5-6 bøkene eg har lest?

Det blir nok Medmenneske av Olav Duun. Den er jo ganske kort, så skulle eg bli ferdig før helga er over så startar eg truleg på Flaggermusmannen av Jo Nesbø.

Jula bryr eg meg ikkje så hardt om enno. Lenge til, god tid, etc. Og slik held eg det gåande heilt til alt må ordnast i siste liten.

God helg!

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Oi, denne fekk eg lyst til å lese! Johannes Kepler var min store helt i tenåra då eg drøymde om å bli astronom. Skreiv særoppgåve om han i historie på videregående. Håper du får hjelp til å finne boka, og eg kjem til å følge med på eventuelle tips som kjem.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Som du ser av kommentarane i denne tråden så varierer jo den subjektive oppfatninga av kva som er "nyare" mellom "siste 25 år" og "siste 100 år". Dersom ein tek utgankspunkt i bøker som har kome ut på norsk, vil eg intuitivt gjette på at medianverdien havnar ein plass mellom 1960 og 1970, Men det skulle ha vært fryktelig moro å sjå ein ordentleg statistikk på dette.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg har gått i tankar om ein meir statistisk, og i teorien forholdsvis presis, måte å dele inn bøkene i "eldre" og "nyare" på. Dersom ein ynskjer (og det gjer i alle fall eg) at tilfanget av bøker skal vere omlag like stort i begge gruppene, kan ein rett og slett ordne alle bøker etter årstalet dei kom ut, og så finn ein medianverdien, d.v.s. det årsskiftet der det er like mange bøker som er frå før dette årsskiftet som det er bøker etter dette årsskiftet.

Så spørs det kva eg meiner med alle bøker. Ideelt sett burde dette ver alle bøker som er utgitt i verda nokon gong, men av praktiske grunnar er det vel naturleg å avgrense det til bøker som er tilgjengelege på norsk. Har søkt litt på Statistisk Sentralbyrå sine sider, men har så langt ikkje kome over nokon statistikk som angir dette med noko særleg presisjon langt tilbake i tid.

Kanskje er det nokon av dei bokelskarane som jobbar på bibliotek (eg har sett at det er mange av dykk) som har tilgang til statistikk over tilgjengelege skjønnlitterære bøker sortert på året bøkene kom ut? I såfall vil ein slik statistikk vere eit godt underlag til å setje eit teneleg skilje mellom "eldre" og "nyare" litteratur.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg slit litt med å forstå denne siste replikkvekslinga, og spekulerer på om de misforstår einannan. Eller kanskje er det eg som mistorstår alt.

Sidan kommentarane muligens kom som følge av at eg etterlyste lesesirkeldeltakarar i den siste avstemminga, vil eg presisere at eg på ingen måte meinte at det burde vere stemmeplikt for deltakarane. Målet mitt var å bidra til at ingen av dei som har eit ynskje om å stemme på neste bok gløymer av det. (og ja, eg tykte 13 stemmer var litt lavt i forhold til kor mange eg har inntrykk av er med) Diskusjonsinnlegga forsvinn ganske fort frå framsida, og sidan det hadde gått noko tid sidan nokon hadde posta noko om avstemminga tykte eg det passa bra å minne om den.

Skulle nokon finne på å spørje meg om det er greit å vere hangaround, så ser eg ingen grunn til kvifor det ikkje skulle vere det.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Fantastisk jevnt i tet nok ein gang. Det er 13 som har stemt så langt. Er det ikkje fleire som er med?

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Dersom ein held seg til ikkje alt for ekstravagante bokhyller, så bør ein kunne finne eller bestille rimeleg pene hyller med 6, kanskje 7 rader i 80-cm breidde, golv til tak, til 4000 pr stk. Får ein klemt inn 7 rader så blir det då ein hyllemeterpris på kr 714,-. Dersom ein ikkje på død og liv skal kjøpe berre nye bøker til fullpris, men satsar på salg og brukthandel i tillegg så bør ein kunne vente at ein rimeleg bokpris kan vere kr 200 pr stk. Dersom ei gjennomsnittsbok er 25mm tjukk, gjeng det altså 40 bøker på ein hyllemeter. Hyllemeterprisen inkudert bøker blir dermed kr 8714,-.

For 7,4 millionar kan ein altså vente å kunne kjøpe 849,21 hyllemeter med bøker og bokhyller, eller med andre ord 33 968 bøker, og 152 bokhyller til å oppbevare dei i.

Det er nok minst like relevant å vurdere kor mykje av pengane ein skulle bruke på å skaffe seg ein større bolig med betre plass til bøker, eller kanskje heller finne ut av om det er mogleg å kjøpe seg meir tid til å få lest alle bøkene ein ynskjer.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Det finnest minst to norske omsetjingar av denne boka, og både «Late menn og muntre piker» og den engelske originaltittelen «Cannery Row» er nytta på desse omsetjingane.

Hovudpersonen i boka er Doc, ein marinbiolog som driv eit laboratorium i den litt slitne bydelen Cannery Row i Monterey, California. Doc har interesser som skil seg litt ut frå dei øvrige innbyggarane i bydelen, slik som klassisk musikk og poesi. Men han er også glad i øl og dram, og her er han heilt på linje med resten av nabolaget. Han er også ein grei fyr, og hjelper folk i nabolaget med mangt og mykje, og derfor finn naboane, anført av dagdrivaren Mack og gjengen hans, ut at dei skal gjere noko hyggeleg for Doc.

Hovudlinja i historia, som bygger opp mot det hyggelege som skal skje, blir brutt opp av mindre historier og anekdoter om bydelen og om enkelte av innbyggarane der. Det er på den eine sida ei lettbeint og humoristisk framstilling av livet i ein mindre velståande bydel, men på den andre sida kan ein også skimte eit sosialt engasjement frå forfattaren. Aldri moraliserande, korkje over fyll, hor, steling eller slåssing.

Det er nok blandinga av den fordomsfrie og humoristiske skildringa av hendingane i bydelen og dei poetiske skildringane av omgjevnadane som gjer at eg likte boka så godt. På mange måter er boka ganske lik «Dagdrivergjengen», og eg likte begge to omlag like godt, og av dei same grunnane.

Boka skal visstnok vere filmatisert, men eg har lest at filmmanus-forfattarane har tatt seg ganske store friheiter med historia, så eg er usikker på om eg har lyst til å sjå den.

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Doc siterer fleire vers av eit dikt på slutten av boka.
Dette er eit indisk kjærleiksdikt frå 1000-talet.
Litt om bakgrunnen for diktet her, og den fullstendege omsetjinga som Doc siterer frå her.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Poeten Blaisedell hadde sagt til ham:
- Du er så glad i øl. En dag kommer du sikkert til å gå inn et sted og bestille en milk-shake med øl.
Det var ment som en spøk, men det hadde plaget Doc hele tiden siden. Han studerte på hvordan en milk-shake med øl ville smake. Bare tanken gjorde han kvalm, men han kunne ikke slippe den. Den dukket opp hver gang han fikk seg et glass øl. Ville melken skjære seg? Skulle det sukker i? Det var som en reke-iskrem. Når en fikk en slik idé i hodet, var den ikke til å glemme.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

-- ... Jeg mener at hvis vi skal holde et selskap for Doc, må vi kjøpe whiskyen. Hvor mye koster fire liter?
-- Det vet jeg ikke, svarte Hughie. -- Jeg har aldri kjøpt mer enn en halvflaske selv. Jeg har funnet ut at hvis du kjøper en hel, får du øyeblikkelig venner. Men hvis du kjøper bare en halv, kan du drikke den ut på tomten før -- vel, før folk stimler sammen rundt deg.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Når blei hamburgerar, eller heller nemninga "hamburger" vanleg i Norge? Eg hugsar det som at dette blei vanleg litt før midten av 1980-talet, men så må eg føye til at min oppvekst var i lett landlege strøk. Eg ser ikkje bort frå at ein åt hamburgerar i byane lenge før dette.

Doc er på reise i kapittel 17, og her legg han i seg av både hamburgerar og (grøss) øl-milkshake. Har sjekka i den engelske teksta at det faktisk er dette han får. Men i den norske omsetjinga i mi utgåve av boka, av Helge Skolem, et han karbonadesmørbrød i staden for hamburgerar. Utgåva mi frå Fredhøis er frå 1989, og på tittelbladet gjeng det fram at copyrighten til omsetjinga også er frå 1989.

I den nyare utgåva frå 1998 på Pax forlag, er det faktisk hamburgerar Doc et. Men i denne omsetjinga, av Nils Lie, får han ikkje øl-milkshake, men i staden noko som sikkert er minst like vemmeleg, øl-iskrem. Merkeleg, tenkte eg, for i 1998 var jo også milk-shake godt innarbeidd i Norge (eg meiner eg drakk min første på slutten av 70-talet).

Men når eg blar litt i nasjonalbiblioteket finn eg at den første omsejinga av boka til norsk er av Nils Lie i 1946, altså same omsetjinga som ligg til grunn for 1998-utgåva. Var det alstå slik i 1946 at ein ikkje kunne vente at publikum visste kva ein milk-shake er og derfor oversatte det til iskrem, medan "hamburger" var eit kjent begrep? Eller var også "karbonadesmørbrød" ukjent i 1946 slik at ein like godt kunne halde seg til den formodentleg eksotiske hamburgeren?

Ja ja, her i heimen hadde vi forøvrig heimelaga hamburgerar til middag i dag. Finnest ikkje makan. Men øl-milkshaken ventar eg med, på ubestemt tid.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Eg liker innimellom å søke opp info på nettet om detaljer i bøkene eg les. Spesielt i Steinbeck sine bøker, som eg har lest ein del av siste året, dukker det ofte opp opplysningar som eg tykkjer er moro å finne ut meir om. For eksempel Sam Malloy som, når han vil gi den flottaste presangen han kan tenke seg, gir bort ei veivstang og stempel frå ein 1916-modell Chalmers. Hadde aldri høyrt om dette bilmerket før (som eg kan hugse, i alle fall), men her er i alle fall eit bilete av ein 1916-modell av dette merket.
skriv bildebeskrivelse her

Men sjølv om eg ikkje kjenner bilmerket, så er eg jo, i det minste overfladisk, kjend med den svenske tekniske høgskulen med same namn. Det opphavelege namnet til denne institusjonen var "Chalmerska Slöjde Skolan" og blir derfor i enkelte norske akademiske kretsar humoristisk omtalt som sløydskulen, sjølv om "slöjd" i det opphavelege namnet nok var eit mykje vidare omgrep enn det vi på norsk assosierer med sløyd.

Når Chalmers då dukka opp som bilmerke i denne boka, assosierte eg då dette med sløyd, og tenkte for meg sjølv at det kanskje kunne vere ein ola-bil (i min barndom heitte dette kassebil, men no tyder visst kassebil ein form for varebil).

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Blei nyleg ferdig med Late menn og muntre piker av John Steinbeck, og no har eg starta på Historien om Pi av Yann Martel. Snart halvvegs. Brukbar bok så langt, men så langt har eg ikkje fått dei store "wow"-opplevingane (men nokre små, dog ..).

Eg vil også tru eg skal klare å avslutte den brasilianske boka A morte e a morte de Quincas Berro Dágua (Dødsfallet og dødsfallet til Quincas Vassbrøl) av Jorge Amado no i helga. Kjend Amado-stil, men meir som ein "light"-versjon av dei meir vidgjetne forteljingane hans.

Vinter? Det startar jo med vin, og for enkelte kan vel denne assosiasjonen framkalle ein viss sympati for namnet på årstida. Sjølv er eg ikkje så nøye på årstidene, alle har jo både ein viss sjarme, og potensiale for skuffande ver. Men hugs, det finnest ikkje dårleg ver så leng ein har uleste bøker i huset.

God helg!

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Håper beinet gror raskt og greit. Brakk ein fot sjølv for 16 år sidan. Sjeldan eg har lest så mykje som i dei vekene.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Karin BergIngunn STom-Erik FallaSigrid Blytt TøsdalGroMads Leonard HolvikHarald KKirsten Lundmay britt FagertveitAgnesJulie StensethNorahMcHempettEvaStig TThereseMarit HeimstadLailaHannesomniferumTonje-Elisabeth StørkersenTralteEgil StangelandHelge-Mikal HartvedtINA TORNESsvarteperLilleviTine SundalPiippokattaHilde Merete GjessingStine SevilhaugLinda NyrudSolveiganniken sandvikAlexandra Maria Gressum-KemppiJarmo LarsennefertitiVibekeMarenGodemine