Ikkje berre det, alkohol er det naturlige habitatet til enkelte bekymringar, og dei har ein lei tendens til å formere seg der.
There are two things in the world, as I have found out, which cannot be prevented: you cannot keep a Zulu from fighting, or a sailor from falling in love upon the slightest provocation!
... I am going to tell the strangest story that I remember. It may seem a queer thing to say, especially considering that there is no woman in it ...
Fortsatt leeeeeenge til jul ....
Eg har nyleg starta på Flaggermusmannen av Jo Nesbø, etter å ha lest nokre av dei siste bøkene om Harry Hole er det artig å hoppe tilbake til start og merke seg utviklinga han har gjennomgått.
Er det slik at boka Prosessen av Kafka er den einaste ledetråden? Då har eg vondt for å forstå korleis ein kan assosiere seg fram til ei anna bok.
Eg gjeng ut frå at formålet då er tenkt å vere å ordne bøker etter sidetal. Dette er ikkje ein funksjon eg ynskjer meg sjølv, men når ein tenker over det er det jo ikkje så mykje rarare enn å sortere etter andre kriteria. Ser ein på kva sorteringsmuligheiter som er tilgjengelege under "organiser bøker"-funksjonen så er det jo heller ikkje alle av desse som framstend for meg som opplagde måter å sortere bøker på. Eg vil tru det er ein smal sak reint datateknisk å inkludere sidetal som sorteringskriterium, og håper Stine får viljen sin.
Olav Duun diktar saman ganske spenstige persongalleri i bøkene sine, eg har lest dei 6 Juvikfolke-bøkene tidlegare, og no denne som er den første i ein trilogi. Felles for alle bøkene er at eg ofte har vondt for å forstå kva som driv personane, og kanskje er det nettopp dette som gjer at bøkene fenger slik hos mange? Trass alt handlar jo menneske ofte ganske irrasjonelt, og det er ikkje alltid godt å setje ord på kva som djupast sett gjer at vi oppfører oss som vi gjer.
I denne boka er det Ragnhild som er hovudpersonen, ungkone på garden Stavsund, og eit grepa kvinnfolk. Resten av folket som bor på garden utgjer ei ytterst dysfunksjonell familie, med svigerfaren Didrik som hustyrann og intrigemakar. Ikkje intriger for ufreden sin del, men for å kunne setje igjennom visjonane sine om å etablere og bli eigar av ei moderne kornmølle.
Med det varierte persongalleriet, intrigemakeriet og den fortetta stemninga innad i husstanden fekk eg assosiasjonar til TV-programmet Farmen, eit program eg ikkje har sett og dermed berre har overfladisk kjennskap til, men som eg likevel skammeleg nok har solide fordomar mot. Enkelte av husstanden blir, om ikkje stemt ut, så i alle fall ekspedert ut av garden på ymse vis. Så skal eg ikkje røpe kven som blei vinnaren, i den grad ein kan seie det blei ein vinnar til slutt.
Det beste med boka er måten Duun får fram stemningar på. Små dialogar der det er like mykje som er usagt som sagt, hint om overtru, gjeremåla og faktene til personane, og i kombinasjon med ver og natur. Men som nevnt innledningsvis, sidan eg ofte ikkje forstod personane, eller kanskje er det rettare å seie at eg ikkje identifiserte meg med dei, så følte eg at eg ikkje fekk fullt utbytte av å lese boka. Likevel kjem eg nok på eit eller anna tidspunkt til å lese dei to siste bøkene i trilogien. Eg vil jo trass alt gjerne vite kva som skjer vidare.
Rettferda er stygg når ho er ute i det erende. Jamenn er ho så ja. Synd i den som må vera tenaren hennes da.
Dei hadde ord etter henne heile bygda over, og mangt var ikkje hermande. Bryllopsmorgonen sa ho, da brurgommen kom inn i stua: - Er det han der eg skal ha? Nei gi meg no vatn!. Ho svara ikkje ja for altere, ho svara ja da! Ingen ting var så hellig at ikkje Lea lo til det.
"Handling i London" har jo etter kvart blitt ein ganske populær førjulsaktivitet, så kanskje boka passar ekstra godt no i adventstida?
I følge omtalen frå forlaget så gjer den det.
Eg tenkte umiddelbart på Krokodillens gule øyne av Katherine Pancol. Dette er den første boka i ein trilogi, som visstnok har solgt svært godt i Frankrike. Har ikkje lest nokon av bøkene enno, har gått i tankar om å setje dei på leselista, men det får nok vente ei stund enno.
Dei beste diskusjonstrådane her inne er etter mitt syn dei med mange digresjonar, artig å sjå korleis eit tema kan trigge diskusjonar om heilt andre ting. Denne gangen var jo digresjonen til og med relevant, i og med at vi hoppa over til ei anna bok av same forfattar.
Ang korvidt eg alltid meiner det eg skriv, så vil eg støtte meg på Piet Hein:
Den som kun tar spøk for spøk,
og alvor kun alvorlig,
han og hun har faktisk fattet
begge deler dårlig
Alt du skriv heretter blir tatt for god fisk utan nærmare kryssjekking!
No måtte eg springe og hente mi utgåve av boka, Fredhøis Forlag 1989, omsatt av Helge Skolem. Der heiter det "Mr. Rattle drakk hver lørdag kveld, og det gikk ut over bilen." Så det virker som om du er ganske presis med forklaringa di av uttrykket.
Tittelen tyder «Dødsfallet og dødsfallet til Quincas Vassbrøl», og er ei lita perle av ei historie frå Jorge Amado, ein av Brasil sine mest kjende og elska forfattarar.
Joaquim Soares da Cunha er ein respektabel offentleg funksjonær frå Salvador som som godt vaksen stikk av frå ei streng og dominerande kone og ei ellers usympatisk familie for å leve fri og frank som vagabond og ranglefant på byen sin skuggeside. Etter 10 år på fylla blir han funnen død ein morgon. Familien prøver å finne ut av korleis dei kan ordne ein begravelse utan å skjemme ut familien sitt gode namn og rykte, og dei ordnar eit diskret likvake på den lugubre adressa der han blei funnen.
Joaquim var kjend som «Quincas Vassbrøl» i Salvador sine lavare sosiale lag, og var særs godt likt av svirebrørne sine. Fire av dei beste kompisane oppsøker likvaket, og utan å gå i detaljar kan ein vel seie at likvaket vart alt anna enn ei sørgestund. Makan til historie skal ein leite lenge etter.
Ein kan lure litt på om Amado har lest Dagdrivergjengen eller Cannery Row av John Steinbeck. Historiene er heilt ulike, men typene som opptrer i dei har mykje til felles. Også forteljarstilen har mange likheitstrekk, først og fremst den fordomsfrie og samstundes lettbeinte skildringa av menneske på skuggesida av livet. Men Amado trekker i tillegg inn element av Afro-Brasiliansk kultur, noko som gir forteljingane hans ein ekstra mystikk.
Denne boka er ikkje Amado sin mest kjende, men er likevel omsatt til ein rekke språk og gitt ut i mellom anna USA, Kina, Frankrike, Israel, Portugal, Hellas, Finland, Litauen og Libanon. Det er også laga TV- og kinofilm av historia.
Han var ein god far og ein god ektemann. Vanda festa seg ved dette siste minnet og kjende seg tilstrekkeleg rørt, hadde det vært fleire til stades ved likvaket skulle ho til og med ha greidd å grine litt, slik ein ventar seg av ei god datter.
Han gjekk inn i sjappa til Lopez, den sympatiske spanjolen, i utkanten av marknaden. Som stamkunde hadde han vunne hevd på å skjenke i til seg sjølv utan hjelp frå dei tilsatte. Oppe på disken såg han ei breiddfull flaske med blankt sukkerrørsbrennevin, klart og gjennomsiktig, perfekt. Han fylte opp glaset sitt, spytta for å renske ganen, og tømde glaset i eit drag. Og eit umenneskleg brøl spjæra morgonstilla på marknaden, så sjølv sjølvaste fundamentet i Lacerda-heisa skaka. Brølet til eit dyr i dødskamp, til ein sviken og skamferen mann:
- Vaaaaaatn!
Edgar Rice Burroughs er mest kjend for historiene om Tarzan. Men den første forteljinga han publiserte var ei anna røvarhistoire, om eventyraren John Carter som på underleg vis havna på Mars og gjorde suksess som krigar og etter kvart også som adelsmann der.
Forteljinga blei pubilsert i 1912, og det er artig å tenke over korleis Burroughs har dikta opp teknlologiar og utstyr ut frå kunnskap ein hadde om naturvitenskapane på denne tida. Minst like artig er det å sjå korleis desse historiene har påvirka seinare science fiction forteljingar. Burroughs hadde sjølvsagt sjølv sine inspirasjonskjelder, det skulle berre mangle, men eg meiner å sjå t.d. element frå Star Wars-filmane som må vere inspirert av denne boka.
Litterært er nok boka av berre middels kvalitet. Ein kan sikkert også stille spørsmål ved helten sin dobbeltmoral, der han på den eine sida er forskrekka over marsboarane sin villskap og krigsiver og ynskjer at dei kunne leve i fred, medan han på den andre sida seier seg viljug til å slakte ned alle saman for å berge prinsessa si. Jaudå, der er romantikk i boka, Carter blir forelska i ei Mars-prinsesse.
Men det blir berre tøv å henge seg opp i sånne ting. Dette er lettbeint underhaldning, og det at ei science-fiction historie er over 100 år gamal gjer den i mine auge interessant nesten uansett litterære kvalitetar.
Eg høyrde denne som lydbok frå booksshoulbefree.com, som no heiter loyalbooks.com. Vel anvendt tid.
He may not kill you, Sarkoja, it is not our custom, but there is nothing to prevent him tying one end of a strap about your neck and the other end to a wild thoat, merely to test your fitness to survive and help perpetuate our race.