Huttunen beit presten i ræva, men dette førte ikke til noen alvorlige skader, iallefall ikke for prestefruen.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det var sikkert feil av meg å påstå at det er bokelskere.no som har endra på noko, det er nok heller i bokdatabasen som bokelskere.no hentar data frå at endringane har skjedd. For det har skjedd ei endring, det er eg ganske viss på. Etter ein del klikking rundt på oversatte bøker (eitkvart skal ein trass alt nytte adventstida til) finn eg no ingen der oversetjaren er angitt som oversetjar, det er konsekvent gjendiktar som blir nytta.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Er oversetjing av bøker synonymt med gjendikting av bøker?

Eg tenker intuitivt at der er eit skilje; at ei oversetjing gjengir meininga i tekst på eit anna språk medan ei gjendikting i tillegg må gjenskape språklege effektar, som t.d. rytme og rim i eit dikt.

Grunnen til at eg tek opp dette er at det virker som om bokelskere.no no konsekvent omtaler oversettarar som gjendiktarar. Eg meiner at det tidlegare stod "oversetter" bak namna til oversetjarane, men no ser eg berre "gjendikter" overalt. Men dersom det er eit skilje mellom oversetjing og gjendikting så blir jo dette feil.

Eg prøver på ingen måte å nedvurdere den innsatsen som eg gjeng ut frå ligg bak å få til ei god oversetjing frå eit anna språk. Det må vere krevande å gjenskape stil, stemingar, språklege bilete etc. i ein tekst, og all mulig respekt til dei som gjer dette arbeidet. Men igjen; burde ein ikkje kalle oversetjing for oversetjing, eller er det eg som er heilt på jordet no?

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Dette er ei oppvekstskildring frå Surnadal på Nordmøre. Hovudpersonen Trym, som ein må anta til ein viss grad er forfattaren sjølv, fortel om venskap, fiendskap, rampestrekar, pubertet, mobbing, gjengmentalitet, jenter, råning, fyll og spetakkel; med andre ord ein normal oppvekst i bygde-Norge (og sikkert mange andre stadar). Eg vil tru framstillinga til ein viss grad er karikert, ein del av galskapen som blir skildra har eg vondt for å ta bokstaveleg.

Den viktigaste delen av historia er imidlertid om venskapet med Robban. Robban er eit år eldre enn Trym, og er ein outsider i ungdomsmiljøet. Sjølv om han er fink til å skru og mekke blir han sett på som ein raring, og ingen vil ha noko med han å gjere. Derfor kjem Trym i klemme, han våger ikkje å vedkjenne seg venskapet til Robban fordi han då vil miste sin posisjon i rangsstigen.

Forteljaren, og kanskje dermed også forfattaren, kjem også med ein del spark til lærarstanden i boka. Det er tydeleg at han meiner lærarar eller andre vaksne burde ha sett meir, og i større grad gripe inn i den dårlege behandlinga mobbeoffera i boka fekk. Dette er nok dessverre framleis ei aktuell problemstilling, sjølv om eg har inntrykk av at mobbing blir tatt meir på alvor no enn for nokre tiår sidan.

Språket, eller kanskje heller stilen, i boka er av vekslande kvalitet. Innimellom er der flotte og gripande skildringar, andre gangar blir det platt og flatt. Enkelte parti får meg til å tenke «skulestil», fleire av desse passasjane har det til felles at dei skildrar forteljaren sine bravader i ein lettbeint og «skrytete» stil. Her kunne forfattaren ha tent på ei ny gjennomarbeiding av teksta. Dei beste passasjane derimot er, i tillegg til der den unge Trym skriv til seg sjølv i framtida, dei der forteljinga sklir over i magisk realisme. Eit par av desse var heilt fantastiske. Totalt sett var boka derfor leseverdig og vel så det.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Bra forslag, men eg burde nok heller døype den Bukowski eller noko slikt. Den er nemlig fryktelig tørst.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eksamensvaktene har kommet seg uskadet fra turen mellom sykehjemmet og skolen.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Broren min er egentlig ganske grei. Han tåler å bli kasta litt rundt og slutter å skrike om vi truer med å banke'n.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

No måtte eg slå opp kva Køpenickiade tyder. Artig, då har eg lært noko nytt i dag også.

Sjølv er eg både tillitsfull (med overlegg) og utkantforskar, men har heldigvis ikkje gått på denne limpinnen. Det hadde sjølvsagt vært moro med ein "visvas"-bidrag a la dei eksempla i artikkelen du lenkar til, men eg liker ikkje tanken på at dei trass alt vil tene pengar på å bli gjort til latter.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Blei bil, ja. På tur heim no, med Herman på CD-spelaren. Fin bok.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Juleførebuingar? Det er jo nesten to veker til jul. Slapp av, null stress.

Eg driv og les på Burnout av Tiger Garté, ei lettlest og tankevekkande bok om oppvekst, ramp og mobbing i eit bydgesamfunn. Så kjem eg sikkert til å starte på Den ulende mølleren av Arto Paasilinna. Min føste Paasilinna, gleder meg spesielt til denne.

Sjølv om eg har gjort det til ein greie å ikkje stresse med jul, så har eg også advent i tankane ved vidare bokval. Eg har lest at Jon Fosse sin Andvake er tydeleg inspirert av juleevangeliet, så då passar det vel å smette inn denne etter Paasilinna.

Så skal eg på ein laaaang ekspedisjon i helga for å sjå på ein bil eg lurer på å kjøpe. Dermed har eg lasta inn eit par lydbøker på mobiltelefonen for turen; Herman av Lars Saabye Christensen og Mors og fars historie av Edvard Hoem. På denne måten har eg sikra meg at turen ikkje er bortkasta sjølv om det ikkje skulle bli bilkjøp.

God helg!

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Det kunne eg sjølvsagt ha gjort. Men eg tok heller og fann fram presentasjonen frå undersøkinga og reikna over tala på side 13. Tala som er gjengitt av NRK stemmer, og eg ber om orsaking for å insinuere at det kan ha vært feilaktig referert. Det er 20% av innbyggarane som les fleire enn 20 bøker pr år, av desse 20 prosenta er det 5% som les meir enn 50 pr år. Ein prosent les meir enn 100 pr år. Det at såpass mange les såpass mykje dreg opp gjennomsnittet til 17 bøker pr innbyggar.

Eg synes likevel at i ei slik undersøking så burde ein også ha presentert medianverdien, altså antalet bøker der halvparten av befolkninga har lest færre enn dette antalet, og den andre halvparten av befolkninga har lest fleire enn dette antalet. Ut frå talmaterialet ser det ut for at medianverdien er litt under 9. Derfor gir det eit meir utfyllande bilde å fortelje at

Innbyggarane les i gjennomsnitt 17 bøker pr år
Ein gjennomsnittsinnbyggar les 9 bøker pr år.

Eg synest forresten at tala er oppløftende, eg. Vi er eit lesande folk, og det finnest verre ting å sysle med på fritida.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Interessant artikkel. Men eg får ikkje desse opplysningane til å henge i hop:

I gjennomsnitt leser den norske befolkning så mye som 17 bøker i året
- Over 40 prosent av oss er storlesere, og leser mer enn ti bøker i året, skriver direktør Kristenn Einarsson i Leserundersøkelsen 2014

Dersom dette skal stemme, må det vere ein god fraksjon av dei 40% storlesarane som les fryktelig mykje meir enn 10 bøker. Kan godt hende at tala er rette, men eg har ein mistanke om at statistikken er feil gjengitt her. Kan der vere gjennomsnittet på 17 som er feil, eg tykte det høyrdest høgt ut?

Ein annan detalj som morar ein talnerd, er at dersom ein skal ta den første setninga i sitate bokstavleg så les kvar nordmann i gjennomsnitt 0,0000034 bøker pr år. Blir vel knapt nok ein bokstav det, vel?

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Eg har lest 6 Harry Hole-bøker tidlegare i litt uryddig rekkefølge, men dei siste eg las var nr, 6, 7 og 8. Det var derfor ekstra moro å hoppe tilbake til start og merke seg at Harry, og formodentlig også Nesbø, har gått igjennom ei viss utvikling i bok-serien. Her møter vi ein ikkje fullt så mørk og herja helt, sjølv om han alt i den første boka har ei dyster forhistorie med fatale hendingar i jobben grunna alkoholmisbruk.

Harry blir sendt til Australia for å bistå politiet i Sydney med å etterforske drapet av ei norsk jente. Plottet er berre middels bra, handlinga er ikkje all verdens spanande, og ein del av vala som Harry og Sydney-politiet gjer undervegs virkar svært lite truverdige. Det som bergar boka likevel er gode skildringar av personar og miljø, samt den litt freidige og politisk ukorrekte veremåten til Hole. Dei gode skildringane tek faktisk litt overhand innimellom, det vart ved enkelte høve litt for mykje «turistguide og faktabok» framfor «spanande krimforeljing». Men greit nok.

Antihelt er eit begrep som blir nytta om Harry Hole. Ein kan sikkert legge mykje i dette begrepet, men det er først og fremst helt han framstillast som. «Anti»-prefikset kan vel tilskrivast tvilsame val han gjer, som at han ikkje held seg etter retningslinjene for politiarbeid (innleier seksuelt forhold til eit vitne, nyttar vald mot andre vitne, kjøper sex på tenestereise etc) og til personlege problem som alkoholisme og kjærleiksvanskar. «Einsam ulv»-motivet og opposisjonen til overordna er ikkje tydeleg i denne boka, men det burde ikkje vere overraskande for lesarar anno 1997 at ein vidareutvikling av romanfiguren ville gå i denne retninga.

Fin leseoppleving, litt på grunn av boka i seg sjølv, men mest fordi eg no har fått med meg starten på Hole-serien.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Nei, det var nok Kafka på stranden Levanger-biblioteket hadde i tankane. I alle fall seier dei det sjølve på facebook-sida si, og ein må jo nesten stole på at dei hugsar kva dei har tenkt at svaret skulle vere.

(Og løysinga på dagens kalendergåte må vere Skogsmatrosen av Jon Michelet)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

"Jeg ser du har en drink her som heter Black Snake ..."
"Jim Beam og cola"
Det bjeffet vilt der nede nå.
"Fint. Gi meg en dobbel Black Snake uten cola."

Godt sagt! (0) Varsle Svar

"Min hund har ikke smakt kjøtt eller fisk siden den var hvalp. Den er ekte lakto-vegeterianer," sa han, tydelig stolt.
"Det forklarer det slette lunet," mumlet Andrew,

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Denne boka, som blei publisert I 1885, handlar om elefantjegeren og eventyraren Allan Quatermain som saman med Sir Henry Curtis og kaptein Good reiser nordover frå Durban i Sør-Afrika på leiting etter Curtis sin bror, som i sin tur to år tidlegare la ut på leiting etter kong Salomo sine gruver. Tilfeldigvis har Quatermain eit gamalt kart som skissemessig viser veg til gruvene. Den muntre og modige trioen kjem ut for mange eventyr på vegen, og det er ei flott historie Haggard har kokt saman.

Det er likevel viktig å hugse på kva tidsepoke denne boka var skrive i dersom ein skal glede seg fullt ut over historia. Til dømes er elefantjakt og gleden over å drepe dyra for støyttennene sin del rimeleg politisk ukorrekt i våre dagar. Menneskesynet i boka er heller ikkje heilt etter dagens standard, koloniherrane er framstilt som moralsk og intellektuelt overlegne dei innfødde. Likevel var nok Haggard ingen versting i samtida si på dette punktet; hovudpersonen Quatermain gjer det tidleg i boka klart at han tek avstand frå å kalle dei innfødde for «nigger», fleire av dei innfødde har helteroller i historia, og der er endåtil tilløp til romantikk mellom ein av engelskmennene og ei innfødd dame.

Boka reiknast av enkelte som den første i «tapt verden»-sjangeren, og den har inspirert fleire andre kjende bøker, som t.d. Arthur Conan Doyle sin, ja nettopp, Den tapte verden (The lost world). Hovudpersonen Allan Quatermain seiast også å ha tent som inspirasjon for filmhelten Indiana Jones, utan at eg kan påstå at fellestrekka er overveldande.

Eg høyrde denne som lydbok frå loyalbooks (gratis), og det var framifrå tidtrøyte på diverse køyreturar dei siste par vekene.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg skal vere varsam med å påstå at det er mine eigne ord, det kan fort hende at eg har lest eller høyrt noko liknande ein eller annan stad. Men eg tykte det var eit bra bilete.

Nei, eg er ikkje økolog, og heller ikkje noko anna som startar på øko- eller sluttar på -log. Skal vi gi oss til å telje stjerner så burde eg kanskje ha blitt astronom?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Har du fått heim kvalpen no? Hadde vært moro å høyre korleis det gjeng.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg har nok opplevd noko av det same, om enn ikkje med så stor variasjon som eksempla du nevner. Og ser ein bort frå trivielle variablar som t.d. fontstorleik, linjeavstand og antalet blanke sider pga kapittelskifte så er eg samd i at språkkvalitet og lesaren sitt engasjement er det viktigaste for lesetempo målt i antal sider.

Men eg vil ikkje, og det har vel heller ikkje du gjort, setje likheitsteikn mellom "god språkkvalitet" og "rask lesing". Enkelte bøker har mektig flott språk, men tek tid å kome seg igjennom fordi ein må stoppe opp og tenke undervegs, kanskje endåtil lese opp att eit avsnitt.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Sist sett

AgnesJulie StensethNorahMcHempettEvaStig TThereseMarit HeimstadLailaHannesomniferumTonje-Elisabeth StørkersenTralteEgil StangelandHelge-Mikal HartvedtINA TORNESKirsten LundsvarteperLilleviHarald KTine SundalPiippokattaHilde Merete GjessingStine SevilhaugLinda NyrudSolveiganniken sandvikAlexandra Maria Gressum-KemppiJarmo LarsennefertitiVibekeMarenGodemineYvonne JohannesenKjerstiVariosaChristofferJan-Olav SelforsTanteMamieIngvild S